JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

For at vi skal spare pengar

Tilsette arbeider opp til 36 timar i strekk for at vi skal få billege klede.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arbeidarar i ein indisk tekstilfabrikk.

Arbeidarar i ein indisk tekstilfabrikk.

Foto: Rodrigo Trejo Villaneuva

Arbeidarar i ein indisk tekstilfabrikk.

Arbeidarar i ein indisk tekstilfabrikk.

Foto: Rodrigo Trejo Villaneuva

1856
20171006
1856
20171006

DOKUMENTAR

REGI: RAHUL JAIN

Machines

Vi vil helst ikkje vite det, men denne filmen viser korleis dei billige kleda vi kjøper, blir produserte. Regissør Rahul Jain tek oss med inn i ein svær tekstilfabrikk i den industrialiserte delstaten Gujarat, lengst vest i India.

Bileta gjer det meste av jobben i denne filmen, og dei talar for seg sjølve. Kameraet sveipar over nitriste, uhygieniske, farlege arbeidsplassar med tungvinte, fysisk tunge arbeidsprosessar, utdaterte maskinar og ymse miljøgifter. Dei tilsette har berre eit minimum eller ingenting til vern. Langsamt flyttar kamera seg frå avdeling til avdeling, alle om lag like langt frå alt som heiter HMS etter vestleg standard. Kontrasten til dei vakre, fargerike stoffa som blir produserte, kunne knapt vore sterkare.

Arbeidstilsynet ville ha stengt heile greia på timen. Men her er det ingen som bryr seg. Og dei som prøver å organisere seg, risikerer å bøte med livet. Løna er så låg, 2–3 dollar for eit skift på tolv timar, at mange må arbeide doble skift for å overleve. Somme held det gåande 36 timar i strekk – utan å få korkje tørt eller vått. Vi ser ein gut som held på å duppe av, ståande. Kantine finst sjølvsagt ikkje, maten må fortærast på arbeidsplassen.

Sjefane, som sit velfødde på kontora sine og overvakar arbeidet på skjermar, åtvarar mot at arbeidarane skal få så mykje i løn at dei kan leggja av litt til sparing. Det vil berre gjere dei slappe og umotiverte, og kven er tent med det?

Lite blir sagt, og regissøren nyttar inga kommentatorstemme for å fortelje oss kva vi skal meine. Han viser fram, lèt ein og annan arbeidar komme til orde, problematiserer stort sett berre gjennom dei talande bileta.

Machines burde vere obligatorisk for alle konsumentar.

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis