JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Filmar som heva seg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3074
20171229
3074
20171229

Nok eit år fullt av lettbeinte actionfilmar og romantiske komediar ligg bak oss, og vi får nok ein sjanse til å dra fram dei filmane som verkeleg heva seg over resten.

Lattertårer

Når det er tid for gjennomgang av årets kinopremierar, er eg nesten litt spent på kva som til slutt står att på toppen av blokka. Kva som gjer at nett desse blir ståande, er nok ei blanding av fyrstegongsreaksjonar, balansen mellom tårer og latter, og ettertankar. I så måte vender eg stadig tilbake til The Square (regi: Ruben Östlund) under gjennomgangen. Det er sjeldan ein film får meg til å le så heilhjarta frå start til slutt. Eg verdset vanlegvis oftare dei som får meg til å ta til tårene, ikkje av latter, men fordi det er så trist. I same trekk må eg då trekka fram noko så sjeldan som ein norsk film på topplistene mine. Herlege The Rules for Everything (regi: Kim Hiorthøy) er mildare enn The Square, men pirkar litt i dei same sakene – den fortreffelege middelklassen som eg sjølv nok blir rekna inn under. Då vil kanskje frydefulle Battle of the Sexes (regi: Valerie Faris og Jonathan Dayton) hamna i same kategorien, men om ein ser vekk frå at tennis vert sett på som ein rikmannssport, er tematikken likeløn den viktigaste her. Det og retten til å elska den ein vil.

Lev og elsk

Og 2017 har vore eit bra LGBTQ-filmår. Oscar-vinnaren Moonlight (regi: Barry Jenkins) sat rett i mellomgolvet. Det same gjorde dokumentaren I Am Not Your Negro (regi: Raoul Peck) om forfattaren James Baldwin, som gjekk fremst både i borgarrettskampen og homokampen på sekstitalet i USA. Ein av dei finaste filmane om transpersonar eg kan hugsa å ha sett, er chilenske En fantastisk kvinne (regi: Sebastian Leilo). Så trist, så fin og så håpefull på same tid. Og nett desse orda skildrar godt endå ein favoritt: God’s Own Country (regi: Francis Lee). Her er ikkje legning det største problemet, men korleis ein behandlar den ein elskar, uansett kjønn. Og det er då saktens på tide.

Krig og trygd

Tre mindre kategoriserbare filmar som lyt inn på lista, er fyrst og fremst Dunkirk (regi: Christopher Nolan). Han skil seg så frå 13-på-dusinet-formelen altfor ofte nytta i krigsfilmar – ei filmatisk nyting og ein heilt annan måte å sjå historiske hendingar på. I den grad eg generelt mislikar formelbasert film, provar Ken Loach at det finst unntak for regelen med Jeg, Daniel Blake. Hald fram som du alltid har gjort, Loach! Og medan me er inne på regelunntak: Eg er ikkje glad i lange filmar, men inn frå sidelinja seglar Aquarius (regi: Kleber Mendonça Filho) og gjer at eg må innsjå at eit 2,5 timar langt drama hamna på lista mi.

Årets norske:

I tillegg til The Rules for Everything vart Skyggenes dal (regi: Jonas Matzow Gulbrandsen) ei gledeleg overrasking med den finstemte, smånifse framstillinga av barndomstraume. Amatørskodespelarane i Hoggeren (regi: Jorunn Myklebust Syversen) fortener også store dosar ros. I det heile har det vore eit bra år for norsk filmskodespel. Det lovar godt.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis