Eit varsla sjølvmord
Søstre elsker evig er så tett på døden at eg nesten lurar på om det er etisk innanfor. Nesten.
Wilde (31) og Marin Siem (28) er søstrer og bestevener. Marin er alvorleg psykisk sjuk og har prøvt å ta livet sitt fleire gonger.
Foto: Motlys
Dokumentar
Regi: Sigve Endresen
Søstre elsker evig
Med: systrene Wilde og Marin, far og vener
Kinofilm
To systrer som elskar kvarandre, fyller lerretet. Men berre ei stund. For den eine systera skal ta livet av seg, og den andre systera skal ikkje lenger gjera noko for å hindra henne i det. Det norske ordet for trigger warning er traumevarsel, om du skulle tenka at dette var på sin plass no.
Dødsfin
Det har vore mykje dokumentert død i det siste, og då siktar eg ikkje til alle verdas krigar, men filmsidene i Dag og Tid. Eg melde sist veke den sterke Ukjent landskap, og no trur eg det har toppa seg for ei stund med denne vekas Søstre elsker evig. Filmar blir jo ikkje laga i eit vakuum, så kanskje det seier noko om kva me som publikum taklar, og kva me føler me bør takla.
Berøringsangst er nok eit ord i tida, men på ingen måte mellom Wilde og Marin. Dei vitsar mens dei grin – ein mistar ikkje personlegdommen sjølv om ein er både deprimert, suicidal og bipolar, som Marin påpeikar. Men ho sit der og vil ikkje leva, det kjennest så tungt og så mørkt, og det blir vanskeleg å le med, for i løpet av kort tid så er ho død. Og eg kan jo ikkje trøysta meg med at det berre er på film, heller.
Søstre elsker evig (forfilm)
«Filmen kan koma til å provosera mange.»
Problemstilt
Tematisk tangerer Søstre elsker evig dette med aktiv dødshjelp, noko eg finn eg kan støtta i både teori og praksis, men som kjennest absurd og problematisk like fullt, og særleg når ein får det så midt i fleisen som her. Skjønar me betre at folk vil enda livet når dei er fysisk sjuke enn psykisk?
Filmen kan koma til å provosera mange, men du skal vera ganske prinsipielt hard for å døma handlingane til sjuande og sist. Kanskje det gjer filmen ekstra problematisk for nokre. Men regissør Sigve Endresen er svært respektfull overfor dei medverkande og det sensitive materialet han får forvalta.
Historia er omtenksamt fortalt og klipt med fine overgangar som trengst for å gje perspektiv frå manusforfattar og hovudpårørande Wilde Siem. Kor lenge kan dei næraste og helsevesenet utføra aktiv livshjelp før ein seier at nok er nok? Eg skulle jo ønska at den problemstillinga ikkje var nødvendig å diskutera, men kor naiv kan eg tillata meg å vera?
Marin har uansett fått sagt sitt, om ikkje siste ord er sagt om verken varsla sjølvmord eller aktiv dødshjelp – men ho kunne knapt fått eit finare og sterkare ettermæle enn Søstre elsker evig.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.