Eit lærestykke
Ekte migrantar får eit brutalt innføringskurs i europeisk innvandringspolitikk.
Filmen får fram ulike synspunkt på innvandring og praksisen som blir følgd.
Emo Weemhoff
DOKUFIKSJON
REGI: GUIDO HENRIKX
Stranger in Paradise
Dette er folkeopplysing av beste merke, eit godt døme på korleis ei sak kan opplysast frå fleire sider. Og saka er den som har oppteke Europa sterkast dei siste åra: straumen av flyktningar som kryssar Middelhavet. Vi er på eit flyktningmottak, der ei gruppe menneske – ekte migrantar – får eit brutalt innføringskurs i europeisk innvandringspolitikk. Først får dei presentert den høgrevridne versjonen om kor mykje dei vil koste samfunnet, og ei oppmoding om å dra heim att for å byggje opp landet sitt. Så følgjer den humanistiske versjonen, som forklarar krisa i landa dei kjem frå med europeisk kolonialisme, og fortel kva ressurs dei vil vere for Europa, og kva dei har krav på her.
Til slutt blir dei konfronterte med dei rettslege reguleringane for innvandring. I avhøyr blir flyktningane prøvde mot regel etter regel, og stadig fleire må forlate rommet – dei vil ikkje få innvilga søknaden sin. Opphaldsløyve får nesten ingen av dei, og berre for fem år. Punktum.
Pedagogisk og klart får filmen fram ytterpunkta i synspunkt på innvandring og praksisen som blir følgt. Aldri har eg sett denne problematikken så oversiktleg og talande presentert. Eit framifrå lærestykke som vonleg blir å sjå på ein TV-kanal nær deg.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
DOKUFIKSJON
REGI: GUIDO HENRIKX
Stranger in Paradise
Dette er folkeopplysing av beste merke, eit godt døme på korleis ei sak kan opplysast frå fleire sider. Og saka er den som har oppteke Europa sterkast dei siste åra: straumen av flyktningar som kryssar Middelhavet. Vi er på eit flyktningmottak, der ei gruppe menneske – ekte migrantar – får eit brutalt innføringskurs i europeisk innvandringspolitikk. Først får dei presentert den høgrevridne versjonen om kor mykje dei vil koste samfunnet, og ei oppmoding om å dra heim att for å byggje opp landet sitt. Så følgjer den humanistiske versjonen, som forklarar krisa i landa dei kjem frå med europeisk kolonialisme, og fortel kva ressurs dei vil vere for Europa, og kva dei har krav på her.
Til slutt blir dei konfronterte med dei rettslege reguleringane for innvandring. I avhøyr blir flyktningane prøvde mot regel etter regel, og stadig fleire må forlate rommet – dei vil ikkje få innvilga søknaden sin. Opphaldsløyve får nesten ingen av dei, og berre for fem år. Punktum.
Pedagogisk og klart får filmen fram ytterpunkta i synspunkt på innvandring og praksisen som blir følgt. Aldri har eg sett denne problematikken så oversiktleg og talande presentert. Eit framifrå lærestykke som vonleg blir å sjå på ein TV-kanal nær deg.
Jan H. Landro
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.