Denne kjærleiken
Kjærleiken er einsam i denne franske dramakomedien.
Isabelle ( Binoche) er omsverma, men ventar på den rette.
Foto: Storytelling Media
DRAMAKOMEDIE
Regi: Claire Denis
Let The Sunshine In (orig.tit: Un beau soleil intérieur)
Med: Juliette Binoche, Gérard Depardieu
Isabelle (Binoche) jaktar på den store kjærleiken. Det er ikkje nok at menn svermar rundt henne, når tvilen og uvissa alltid er der: Når skal den rette, den eine, dukke opp?
Let The Sunshine In gir ingen svar på spørsmålet. I ei open sluttscene er Isabelle kanskje meir tvilande enn nokon gong.
Fragmentarisk
Når filmskapar Claire Denis ikkje gir oss ein fullenda slutt, kan vi forstå det ut frå inspirasjonskjelda: boka til Roland Barthes, Fragmenter av kjærlighetens språk.
Også historia er fragmentarisk fortald: Slik som Isabelle hoppar frå mann til mann, hoppar kameraet brått inn i relasjonane. At forteljinga flyt såpass godt, er dermed eit døme på Denis’ kvalitetar i klipperommet. Til tider blir det likevel for lite framdrift i forteljinga: Kor mange ulykkelege møte med menn skal Isabelle ha?
Menn som ingen treng
Jo, filmen er dels ein komedie om dårlege menn – og dei er det nok av her. Eg ser ikkje heilt den komiske effekten av kjipe menn. Ein større styrke ligg i det underliggande dramaet, og portrettet av ei kvinne på konstant søken. At ho tilsynelatande har alt – stil, skjønnheit, eit liv som kunstnar i Paris – bygger berre opp under einsemda hennar.
Juliette Binoche gir så mykje liv til karakteren at sjølv ein utsliten song som Etta James’ «At Last», får nytt liv. Kanskje finn ho kjærleiken til slutt, men møtet med ein tvilsam spåmann (Depardieu) får meg til å tenke at personar som Isabelle nok aldri vil finne det dei søker etter.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er skribent, student og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
DRAMAKOMEDIE
Regi: Claire Denis
Let The Sunshine In (orig.tit: Un beau soleil intérieur)
Med: Juliette Binoche, Gérard Depardieu
Isabelle (Binoche) jaktar på den store kjærleiken. Det er ikkje nok at menn svermar rundt henne, når tvilen og uvissa alltid er der: Når skal den rette, den eine, dukke opp?
Let The Sunshine In gir ingen svar på spørsmålet. I ei open sluttscene er Isabelle kanskje meir tvilande enn nokon gong.
Fragmentarisk
Når filmskapar Claire Denis ikkje gir oss ein fullenda slutt, kan vi forstå det ut frå inspirasjonskjelda: boka til Roland Barthes, Fragmenter av kjærlighetens språk.
Også historia er fragmentarisk fortald: Slik som Isabelle hoppar frå mann til mann, hoppar kameraet brått inn i relasjonane. At forteljinga flyt såpass godt, er dermed eit døme på Denis’ kvalitetar i klipperommet. Til tider blir det likevel for lite framdrift i forteljinga: Kor mange ulykkelege møte med menn skal Isabelle ha?
Menn som ingen treng
Jo, filmen er dels ein komedie om dårlege menn – og dei er det nok av her. Eg ser ikkje heilt den komiske effekten av kjipe menn. Ein større styrke ligg i det underliggande dramaet, og portrettet av ei kvinne på konstant søken. At ho tilsynelatande har alt – stil, skjønnheit, eit liv som kunstnar i Paris – bygger berre opp under einsemda hennar.
Juliette Binoche gir så mykje liv til karakteren at sjølv ein utsliten song som Etta James’ «At Last», får nytt liv. Kanskje finn ho kjærleiken til slutt, men møtet med ein tvilsam spåmann (Depardieu) får meg til å tenke at personar som Isabelle nok aldri vil finne det dei søker etter.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er skribent, student og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.