JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Den streite historia

Eg ville gjerne visst meir om denne siste cowboyen enn kor mange bilar han har ståande i tunet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
John Hoiland (94) er son av ein norsk innvandrar og driv ein stor ranch i Montana på  gamlemåten.

Foto: FIMfilm

2159
20211022
2159
20211022

Dokumentar

Regi: Frode Fimland

John – Den siste norske cowboy

Med: John Hoiland, Jim Larkin, vener
Kinofilm

På ein nedsliten gard i Montana bur ein einsleg, gamal mann med norsk far, men som sjølv er ein ekte, amerikansk cowboy.

Stilleben

Etter den smått usannsynlege kinosuksessen med Søsken til evig tid (2013) og TV-oppfølgjaren Søsken til evig tid: Amerikareisa (2015), har regissør Frode Fimland returnert over dammen, som kjernepublikummet ville sagt, for nok ein «der ingen skulle tru at nokon kunne bu»-vri på eldre menneske som lever på sitt eige, bygdeoriginalske vis.

Det er også lett å tenkja på den usannsynlege David Lynch-filmen The Straight Story (1999) om den gamle mannen som køyrer milevis på ein antikvarisk grasklippar for å besøka bror sin. Det er noko tilsvarande sårt over John som står på kjøkenet og snakkar i telefonen med sin gode nabo og ven, Jimmy. Ingen av dei er særleg gode med ord, og det treng dei nok vanlegvis ikkje vera heller, då det vanlegvis ikkje er eit filmteam rundt dei som dokumenterer kor smålåtne dei er.

Fin tur

Det er vakre landskap me får presentert, majestetiske fjell, hjort som leikar blant dei svære kjøttfea, bjørnar som luntar fascinerande nær garden. Visst er det fint å dokumentera slike siste, rurale sortar før dei forsvinn. Men me får veta forsvinnande lite om ferda faren tok frå Egersund til Montana, lite om systera og endå mindre om mora.

Når formelen er å la intervjuobjektet seia det som seiast skal, vert det knapt med informasjon når dette er John. Kva han synest om tema som politikk og religion, er også fråverande, slik at det einaste inntrykket eg sit att med, er at det var jammen ein gamal mann med langt skjegg som likte å driva gard på gamlemåten, det.

Det er grenser for kor mange rustne bilvrak ein treng sjå for å skjøna at det var annleis, og kan hende betre, i gamle dagar. Det blir som eit pent postkort der nokon har skrive at dei synest det var ein fin tur og lite meir.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Roque Rachel Salas Rivera er poet, omsetjar og redaktør, og ein av poetane i antologien.

Foto: Poetry Foundation

Meldingar

Ung amerikansk dikting på norsk

Felles for fleire i antologien er viljen til å trekkja moderne teknologi og media djupt inn i diktinga.

Kjetil Berthelsen

Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
EinarHaakaas

Det trugande utanforskapet

På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fargerikt om tolsemd

Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.

Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.

Foto: Christopher Helberg

BokMeldingar
Odd W. Surén

Endringar til godt og vondt

Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis