Filmnasjon som byggjer bruer
Filmar frå Sør-Korea dominerer årets Film frå sør – med god grunn.
Regissør Bong Joon-ho fekk Gullpalmen for filmen Parasitt, som tek for seg klasseskilje og misunning i Sør-Korea.
Foto: Neon
Film frå sør
Oslo, 7.–17. november 2019
Er Sør-Korea verdas beste filmnasjon? Den siste veka med Film frå sør har fått meg til å tenke det. Oslos største og eldste filmfestival, dette er den 29. utgåva, er som alltid ei fin motvekt mot det ordinære kinoprogrammet. Oppflaska som vi alle er på amerikansk popcornkultur, og med den stadig meir actionfokuserte og bråkete blockbusteren (hei, Marvel), blir Film frå sør eit kjærkome pusterom. Det er i dette spennet festivalen utfordrar innarbeidde, vande måtar å sjå film på og innbyr til kritisk refleksjon rundt den rådande kommersielle kinokulturen.
Samtidig er kurateringa av programmet også skreddarsydd for vestlege briller. Det vi ser, er ikkje så mykje filmnasjonar som eit utval filmar frå den ikkje-vestlege verda, med den litt vage (og kan hende stigmatiserande) merkelappen «verdsfilm». Som om desse filmane er noko heilt anna enn det vi vanlegvis ser på kino. Så enkelt er det heldigvis ikkje.
Den gamle meisteren
Filmnasjonen Sør-Korea er verd å snakke om i så måte. Den store filmbransjen i landet feirar i år 100 år, noko Film frå sør markerer med å vise eit sterkt utval sørkoreanske filmar, nye som gamle. Årets æresgjest er Park Chan-wook, mest kjend for hemntrilogien Sympathy for Mr. Vengeance, Oldboy og Lady Vengeance. Han har fått eit nært fullt retrospektiv desse dagane, og Park er verd å dvele ved, sjølv om han ikkje har ein ny film på programmet.
Det var nemleg han som innleidde det vi kan kalle den sørkoreanske filmbølgja tidleg på 2000-talet. Like viktig er filmspråket til Park, som har noko distinkt kulturelt ved seg: Karakterane har andre førestillingar om skuld, moral og determinisme enn det vi er vane til, men med ein stil og regi som er lett å overføre til Hollywood (Oldboy fekk ein amerikansk versjon).
Nye, sterke stemmer
Dette usentimentale tilhøvet til alvoret og lagnaden er talande for filmspråket i Sør-Korea generelt. Ta til dømes Parasitt, av Bong Joon-ho, som vann Gullpalmen i Cannes tidlegare i år. Filmen stør seg på hollywoodske forteljargrep, men er samtidig langt meir vågal og mørk enn mange amerikanske filmar i utforskinga av tematikken om klasseskilje og materiell misunning. Denne evna til å vri på kjende sjangerkonvensjonar er også sterk i oppvekstdramaet House of Hummingbird, ei perle av ein film signert den nye stemma Kim Bora. Historia om tenåringsjenta Eun-hee handlar om dei små augneblikka. Om tilhøyrsle og identitet, om utanforskap og framandkjensle, om at nokon ser deg på eit sårbart punkt i livet. Begge er soleklare høgdepunkt i årets Film frå sør.
Amerika neste
Sjølv ein litt mindre vellukka film frå Sør-Korea evnar å vere både original og konvensjonell. Thrilleren The Gangster, the Cop, the Devil, der to menn frå ulike sider av lova må samarbeide om å fakke ein seriemordar, lir av litt for blanke karakterar (med unntak av gangsterarketypen, strålande spelt Ma Dong-seok) og lettvinte plottløysingar. Men filmen reddar seg inn på eit stødig formspråk og godt koreograferte actionscener. Og sjølvsagt får filmen snart ein amerikansk remake, med Sylvester Stallone i registolen. Det kan ikkje bli anna enn middelmåtig.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.