Årets mest tåredryppande
Dokumentaren Ibelin er lærerik utan å vera moraliserande.
Mats «Ibelin» Steen vart 25 år gammal.
Foto: Euforia
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Dokumentar
Regi: Benjamin Ree
Ibelin
Med: Mats Steen, familien, vener rundt i verda
Kinofilm
Dobbeltliv og dobbeltdød
I 2019 kom ei sak som skulle få over éin million lesarar, på trykk på nettsidene til NRK. Eg var ein av dei som las om unge Mats Steen som døydde av muskeldystrofi i 2014.
Fleire år seinare kom ein journalist over grunnen til at det dukka opp ei rad utanlandske gjester i gravferda: Mats hadde levd store delar av livet på nettet under spelenamnet Ibelin.
Innsida ut
Farens tale i gravferda til sonen er dei fyrste orda i Ibelin – før det har gått ti sekund, renn alt tårene. Eg veit ikkje om det lovar godt eller dårleg, men eg får gradvis stadfesta at dette er verdt kvar salte drope. Og dei kjem det ikkje reint få av.
Opplagt er det svært trist med ein film der hovudpersonen døyr heilt i starten, men det er ikkje det som gjer at eg blir så rørt, om og om igjen – det er livet han levde, som vert vist i to utgåver: Den eine er den stadig dårlegare guten som blir ein ungdom, som blir ein ung mann, men mest av alt ein handikappa utan språk og mimikk som me kan relatera til i kvardagen.
Den andre utgåva har vener over heile verda og spring veglangs gjennom landskapet i dataspelet World of Warcraft, artikulerer seg klokt og venleg og blir ein både viktig og populær medspelar. Det er denne utgåva familien ikkje anar noko om.
På mange måtar er det som ein dobbeltragedie: Det er jo både Mats og Ibelin som ikkje lenger lever. Eg må nesten grina igjen berre av å skriva om det.
Avatarane Ibelin og Rumour frå dokumentarfilmen til Benjamin Ree.
Foto: Euforia / Medieoperatørene
«Filmen har ei form for ektefølt sentimentalitet som ikkje verkar overdriven eller klissete.»
Ekte
«Det er det indre som tel» – kor tomme høyrest ikkje dei orda ut, nesten uansett kven du er og korleis du ser ut. Og så viser det seg at det stemmer likevel. Og Ibelin må vel vera kvar skjermbundne, speleopphengde ungdoms optimale forsvarstale – sjå, dette er ekte!
Venene til Mats fortel ufiltrert om korleis dei oppfattar den virtuelle røynda som blandar seg med røynda-røynda. Det er heldigvis ikkje plass til ekspertar og andre som skal forklara fordelar og ulemper, her er ikkje gjort forsøk på å balansera sunt nettvit og fornuftige sosiale reglar. Det handlar om ei verd dei færraste vaksne har særleg innsikt i, og me har så uendeleg godt av å ta ein kikk.
Som med alle triste dokumentarar der døden er eit faktum, blir det vanskeleg å ta fram dei kritiske brillene. I Ibelin kjennest det heller ikkje naudsynt – filmen har ei form for ektefølt sentimentalitet som ikkje verkar overdriven eller klissete. Det mest klissete er dei snørrvåte lommetørklea eg må ta med meg etter visninga.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Trailer Ibelin
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.