Sakprosa
Ferdaminne om kryptovaluta
Morten Søberg har reist verda rundt for å skriva om pengar i digital form, men kva har han eigentleg med seg attende av verdi til oss lesarar?
Eg er sikkert ikkje åleine om å ha ein person i venekrinsen som meiner at dersom han/ho hadde vore så lur å satsa på bitcoin den der gongen, på det rette tidspunktet, ja, då hadde vedkomande garantert vore trilliardær i dag. Ja visst, ja, sikkert – ein nikkar og smiler høfleg over slikt kontrafaktisk «kva viss»-vass og går ganske raskt vidare.
Men når det kjem ei bok om temaet, der forfattaren har doktorgrad i samfunnsøkonomi og tidlegare har vore statssekretær i Finansdepartementet og sete i Noregs Banks representantskap, vel, då kjennest det straks vanskelegare å vifta temaet vekk.
Forfattar Morten Søberg starta i fjor haust som generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg og har i åra før det reist verda rundt for å få større innsikt i fenomenet bitcoin, den første og mest kjende av dei såkalla kryptovalutaane. Resultatet av reisene har tidlegare blitt til artiklar i avisa du les akkurat nå, og fleire av kapitla i Søbergs seinaste bok er bearbeidingar av desse allereie publiserte reportasjane.
Estetisk inntrykk
Reint umiddelbart gir Bitcoin-reportasjane eit tiltalande, estetisk inntrykk: Omslaget har ein mjuk og behageleg tekstur, fonten og fargevalet er friske og originale, teikna forfattarportrett gir eit leikent preg, og layouten med fotografi over dobbeltoppslag gir fine, visuelle avbrekk i brødteksten. Kort sagt: ei fin lommebok!
I innleiingskapittelet frå Japan hintar forfattaren om høge ambisjonar for verket: Mellom linjene kan ein ana at boka skal vera ein slags essayistisk odyssé i bitcoinverda, inspirert av ein ekspedisjon den japanske ambassadøren Tomomi Iwakura og delegasjonen hans gjorde i 1870-åra, der dei skulle læra om pengepolitikk og -produksjon i Vesten. Dette er ein djerv og intellektuelt original innfallsvinkel, men det skal visa seg at dette tungt boklærde kjem til å henga nettopp tungt om halsen på forteljaren i den vidare framstillinga.
For utover kapitla er det særleg éi kjensle som veks seg sterkare og sterkare hjå denne lesaren: Det er noko vagt og ullent, beint ut sagt kryptisk (!) over utlegginga. Eg får ikkje eit klart bilete av verken korleis bitcoinproduksjonen går føre seg (til dømes i Sulitjelma), eller kva følgjer bruken av valutaen har i samfunna Søberg vitjar.
Noko av grunnen trur eg er at forfattaren er for innforstått. Han verkar avsendarorientert og ikkje medviten nok om å kontekstualisera kunnskapen sin for den jamne sakprosalesaren. Framstillinga blir i overkant prinsipiell og teoretisk, som ei førelesing i økonomisk historie.
Som reportasjejournalist har Søberg i tillegg ein tendens til å bli litt drøymande og langsam i dramaturgien. Ei årsak til dette kan vera at slett ikkje alle reisene har gitt heilt det utbytet som ein trudde ein skulle få, noko El Salvador-kapittelet kan vera eit døme på.
Her uttaler sentralbanksjefen i den mellomamerikanske republikken: «Vi har ikkje offisiell statistikk som gjeld bruk og utbreiing av bitcoin i praksis.» Cirka 1–2 prosent av overføringar frå salvadoranske utvandrarar til heimlandet skjer ved hjelp av den digitale lommeboka Chivo, «utan av vi veit kva som kjem i dollar, og kor mykje som er i bitcoin».
Jaha? Ei av hovudkjeldene i saka har altså ikkje dokumentasjon og opplyser lite utover at bruken verkar å vera marginal? For meg blir dette i tynnaste laget å rapportera om frå andre sida av Atlanteren.
Ut på dato?
Det blir verre: i ein fotnote kjem det fram at Det internasjonale pengefondet (IMF) i ettertid har fått gjennomslag for at bitcoin ikkje lenger skal vera tvunge betalingsmiddel i landet – noko som svekkjer premissen for reportasjen, ja, nærast slår lufta ut av heile saka.
Dette viser noko av problemet med gjenbruk av avisreportasjar i bokutgjevingar: Dei kan gå ut på dato i løpet av produksjonstida og bør difor vurderast kritisk – på ny. Eg er jammen ikkje sikker på om El Salvador-storyen fortener plass i boka, i alle fall ikkje i nåverande form.
Reporter Søberg tek oss i tillegg med til Tyskland, Hongkong, Georgia, Gibraltar, Svalbard, England og Orknøyane på sin monetære odyssé. Mest vellukka reportasjemessig er kanskje turen til den engelske fotballklubben Real Bedford, der forfattaren får fram det anarkistiske potensialet bitcoin kan ha for småklubbar i konkurranse med storkapitalen, og der valutaen kan bli «ein reiskap for å redusera makta til styresmaktene», ifølgje tidlegare statsminister Liz Truss.
Sprikande
Meir svevande er reisa til Orknøyane, der forfattaren set opp ein parallell mellom dagens bitcointeknologi og graffitiliknande kyrkjeinskripsjonar frå mellomalderen, ein analogi som for meg blir både vag og konstruert, ja, beint ut sagt søkt.
I sum: Dei ti reportasjane står for meg fram som ti sprikande staurar. Kvar for seg er dei velskrivne og veltenkte, men dei etterlet lesaren med fleire tomme rom og spørsmålsteikn enn naudsynt er.
Kanskje hadde ei meir rett fram-tilnærming, ei slags «Bitcoin for Dummies», vore å føretrekka som form. I rettferds namn skal det seiast at det hadde blitt ei heilt anna bok.