JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Felles kamp for fridom

Winston Churchill og George Orwell – hadde dei noko til felles, den puritanske venstresosialisten og den brummande aristokratiske imperialisten?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
George Orwell (1903–1950).

George Orwell (1903–1950).

George Orwell (1903–1950).

George Orwell (1903–1950).

7713
20171222
7713
20171222

SAKPROSA

Thomas E. Ricks:

Churchill & Orwell: The Fight for Freedom

Penguin Press

Då Orwell drog til den einsame stova på øya Jura på Hebridane like etter krigen for å skriva 1984, kalla han helten i historia, den forfølgde byråkraten i Sanningsministeriet, Winston. Er det nokon samanheng her? Rett nok var både Orwell og Churchill krigskorrespondentar (Boarkrigen 1899–1901 og borgarkrigen i Spania 1936–37), og til dels levde dei begge av å skriva. Men dette er overflatiske felles drag. Finst det noko djupare?

Dette er temaet for Thomas E. Ricks i boka Churchill & Orwell: The Fight for Freedom. Ved fyrste augnekast verkar ei slik samanlikning søkt.

Churchill var ein aristokrat som aldri – strengt teke – hadde møtt vanlege folk. Som kona Clementine sa det: Han tok aldri ein buss. Det er òg ofte oversett at Churchill til tider var hata av den engelske arbeidarklassa for rolla han spela då han sende politi mot streikande på austkanten i London under generalstreiken i 1926 – eit omdøme som kom til å forfylgje han og var sterkt medverkande til nederlaget ved valet i 1945.

Og ryktet hans i India er sterkt flekka den dag i dag. Han vert halden ansvarleg for hungerkatastrofen i Bengal. Han greip ikkje inn. Det er flust med karakterstikkar av indarar, især Gandhi, som er sterkt rasistiske hjå Churchill.

TANKEVEKKJANDE

Men nett ved systematisk å samanlikna lagnaden til desse sentralpersonane i britisk historie kjem det spanande perspektiv fram.

Ved halvgått løp på 1900-talet var det desse to som av ulike årsaker og av ulikt temperament kom til å stå i fronten mot fascisme og kommunisme, dei to fremste totalitære trugsmåla i samtida. Her ligg den store likskapen. Og her finn vi ein felles sympati. I 1953 las Churchill 1984 to gongar og sa: «A very remarkable book».

Men medan Churchill kom til å stå rakt mot oppløysinga av «Hans Majestets samvelde», som han sa like før India reiv seg laus, vart Orwell den kompromisslause motstandaren til all britisk imperialisme. Her var det røynslene etter tenestetida som politimann i Burma som var avgjerande.

Den unge Orwell kom til å hata kolonialismen og kva det engelske styringsverket gjorde, ikkje berre med undersåttane, men også med kolonistane sjølve. Det er eit viktig poeng. Orwell er ikkje fri for dei mest nedsetjande skildringar av burmesarane. Og det er teikn på at han var full av fordomar mot jødane. Altså: Han var ikkje feilfri. «Alle heltar er å betrakte som skuldige til det motsette er prova», som han sa sjølv.

Dette stadfester nett det som er Orwells eiga tilnærming: Kolonialismen gjer beist av dei fleste, også kolonisatorane sjølve.

TRUGSMÅLA

Då Storbritannia kom med i andre verdskrigen i 1939, uttala Churchill: «Dette er ein krig (…) for å grunnleggja på fast grunn einskildmenneskets rettar og ein krig for å reetablere menneskeverdet».

Med ein annan stil sa Orwell det same: «Me lever i ein tidsalder der det autonome individet har slutta å eksistere.» Orwell kom til å definere mykje av idékampen under den femtiårige kalde krigen, eit uttrykk han var ein av dei fyrste til å bruka.

Både han og Churchill var usamde i Marx’ påminning om at det er dei som kontrollerer produksjonsmidla, som kontrollerer samfunnet. Dei var heller ikkje freudianarar i tydinga «oppteken av å skjøna korleis den menneskelege psyken driv oss». Dei var begge meir innstilte på å skjøna den altomfattande utfordringa som ligg i aukande statleg kontroll med einskildmennesket og særleg tankelivet vårt, identiteten vår og sjølvstendet vårt. Framfor alt frå Hitler og Stalin.

Men i 1984 peiker Orwell på at òg demokratia kunne bli råka av dette forfallet. Nemninga Ingsoc er ikkje meint som eit åtak på britisk sosialisme, men ei åtvaring mot at maktperversjonar kan kome også i våre eigne land.

Orwell såg klarare enn Churchill kva mentale grep moderne diktatorar tek for å leggje under seg undersåttane. Churchill var den britiske politikaren som mest iherdig åtvara mot Hitler og alt hans vesen. Her fekk han Orwells ovundring. Å freista stetta Hitler var som å gje krokodillar kjøtstykke på kjøtstykke i von om at krokodilla åt deg til sist, sa Churchill.

Kampen mot «appeasement» fekk til følgje at Churchill kom nær Orwells forakt for den britiske overklassa. Avskyen for overklassa førte på den andre sida til at Orwell fekk sympati med Churchill: England «er eit land av snobbisme og privilegium», skreiv Orwell, «styrt for det meste av gamle og galne (’silly’)».

Men han gjorde eit unntak for Churchill: «Inntil Churchills regjering stogga prosessen, har (’den styrande klassa’) gjort det gale med feilfritt instinkt heile tida sidan 1931.»

MOT TYRANNI

Orwell var energisk motstandar av alle former for undertrykking uansett kor dei kom frå. «Du kan ikkje vere antifascist utan å vere antitotalitær», som han sa det. Her var nok ein djup likskap med den britiske statsministeren. Churchill var den einaste toryen Orwell ovundra. Han noterte i eit essay om H.G. Wells at Churchill hadde skjøna bolsjevismen betre enn Wells.

Her ser vi starten på den djupe mistanken Orwell hadde mot venstreintellektuelle medlauparar som sjølv aldri hadde kjent stalinistisk terror på kroppen og hadde lagt seg til kvile i eit romantisk syn på Sovjet.

For dei andre konservative hadde Orwell berre forakt. «Med unntak av Churchill er heile det britiske aristokratiet botnlaust korrupt og manglar den mest grunnleggjande patriotismen», skreiv han.

Orwell undra seg over kor høgt han sette Churchill. «Det er symptomatisk at då ulykka kom, var Churchill mannen som best var i stand til å berga nasjonen, ein konservativ med aristokratiske anar.»

Både Orwell og Churchill hadde det til felles at dei såg med aukande mistru på eigen klasse. Orwell skreiv spottande om «amatørsosialistar» som aldri hadde treft arbeidarar og som anten var helsefanatikarar eller gjekk med sandalar (!) – altså eksentrikarar.

Churchill fekk mindre og mindre til overs for det aristokratiske elementet i hæren og i flyvåpenet (RAF) og tilgav aldri dei som var «soft on Hitler».

REVOLUSJON

Både Orwell og Churchill kjende krigen som ei vitamininnsprøyting. Begge såg klasseimplikasjonar av krigen. Den store skilnaden, sjølvsagt, er at Orwell heile tida var på utkikk etter teikn på revolusjonære stemningar i folket. Krigen måtte føre til djupe sosiale endringar, meinte han, for det var under- og mellomklassa som hadde bore dei tyngste påkjenningane. («Wipe out all the class privileges», som det heiter hjå han.) Ladya i Rolls Royce «er eit større trugsmål for moralen enn ein flåte av Görings bombefly».

Churchill la mykje energi i arbeidet med å overtyda amerikanarane om at britiske arbeidarar ikkje ville tolerere eit slikt svik frå «the governing class». Han sa også at den lågare middelklassa «hadde berga dette landet; dei har rette til å styra det».

Så er det den andre sida av Churchill. Kort tid etter krigen kunne Churchill leggje av seg borgfredstaktikken frå koalisjonsregjeringa. Då synte han seg som ein gamaldags reaksjonær. Ein gong gjorde han ei samanlikning mellom Labour og Gestapo. Han skjøna ikkje etterkrigspolitikken.

Målet til Orwell etter røynslene med propaganda, diktatur og alle lygnene var å skriva «the facts as I saw them» og «facing unpleasant facts». Og å leve etter devisa «om fridom skal ha noka meining, så må det vera retten til å seia til folk det dei ikkje likar å høyra». I dette hadde han Churchill med seg.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Orwell undra seg over kor høgt han sette Churchilll.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis