Fele, funk og fuglekvitter
Fiolinist, vokalist og låtskrivar Sudan Archives overgår seg sjølv på album nummer to.
Pop / R&B / soul
Sudan
Archives:
Natural Brown Prown Queen
Stones Throw Records
Musikken til amerikanske Sudan Archives er inspirert av R&B, sudansk felemusikk, vestafrikanske rytmar og eksperimentell elektronisk musikk. Debutalbumet hennar, Athena, frå 2019 var framifrå; Natural Brown Prom Queen er endå betre.
Her er felespel og tradisjonsmusikkreferansar fullstendig integrerte i den eksperimentelle, flytande og funky neosoulproduksjonen. Høyr berre korleis alskens fiolinteknikkar styrer den forunderlege houselåten «ChevyS10» gjennom dynamiske stryk og fall, ein tydeleg tradisjonsmusikkinspirert felevamp står sentralt i «TDLY (Homegrown Land)», og midtveges i songen vert skiljet mellom fiolin og shoegaze-gitar nulla ut i ein storslegen foss av lyd.
I «Copycat (Broken Notions)» blandar ho hyperpop og trap med eksperimentelle harmoniar og uventa tonale vendingar. Basslina følgjer flittig med på tonefallet til det som høyrest ut som ein predikant, litt som (men mindre enerverande enn) Steve Vais «So Happy», på «It’s Already Done». Det eine sklir over i det andre, og det er ofte ikkje godt å seie om det er lyden av fele, synthesizer eller fuglekvitter ein høyrer der inne i djupet av produksjonen. Og kva betyr vel det, heile albumet læt fredsælt og gjennomført originalt uansett.
«Do Your Thing (Refreshing Springs)» minner oss om at det er betre å slappe litt av og gjere greia si på gehør enn å streve med å synge etter notar nedskrivne av andre, og avslutningssongen «#513» oppfordrar til å følgje sin eigen sti heller enn å følgje trendar. Men det skal sanneleg godt gjerast å ikkje danse etter Sudan Archives’ pipe. Når kommandoen «bounce to the beat» vert levert i siste minutt, har ein truleg gjort nettopp det i 53.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.