JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

«Evig eies kun det tapte»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2176
20180601
2176
20180601

I Milano finst det praktfulle veggmåleriet «Nattverden» av Leonardo da Vinci. Verket er sårbart, og berre ei handfull slepp inn om gangen for å oppleve verket i nokre få minutt, så vert dei jaga ut att. Slike restriksjonar vert meir og meir vanlege verda over, i takt med den kraftige auka av turistar så vel som klimaendringar. I tillegg vert uerstattelege delar av verdsarven stolne eller øydelagde over ein låg sko. Såleis er det viktigare enn nokon gong med god dokumentasjon av verka, og også kunne oppleve kunsten på alternative måtar.

Då eg besøkte festspela i Bergen, fekk eg ei virtuell kunstoppleving i Grieghallen. Gjennom ein hjelm med øyretelefonar og briller fekk eg vere hovudpersonen i eit stykke av Paul Auster. Inntrykka endrar seg etter korleis ein beveger seg, og det kjentest svært ekte ut.

Mange museum har teke eit steg vidare og bygd opp eigne rom som simulerer kjende bygningar med ein teknologi som ikkje krev briller, men eit særleg laserlys. Medan VR-briller er ei personleg oppleving, kan desse romma opplevast i fellesskap.

Ei kjent simulering er «Pure Land» frå 2012, som viser ei av dei rikt utsmykka Mogao-grottene i Kina. Måleria i dei buddhistiske grottetempla er sårbare for luftfukt, og området er stengt for besøkande. «Pure Land» vert vist inne i eit rom som vert bygd i same format som tempelet, og kan opplevast i tre dimensjonar over 360 grader. I tillegg til kjensla av å vere inne i tempelet, kan ein nytte nettbrett til å granske detaljer som ville vere vanskeleg å sjå med auga. Det er endåtil laga animasjonar av nokre musikantar i måleriet, slik at ein kan høyre korleis instrumenta klang.

Den virtuelle rekonstruksjon «Pure Land» er framleis på vandring frå museum til museum, for tida å sjå ved Simon Fraser University i Vancouver.

Sjølv om teknologien gir oss sterke opplevingar, er det nok ei god stund til ei datasimulering slår opplevinga av å vere der. Så om ein er i Milano, anbefaler eg at ein ikkje nøyer seg med den virtuelle versjonen av «Nattverden», men bestiller billett i god tid, godtek den høge prisen og stiller seg i kø for dei femten minutta ein får saman med verket.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis