Bok

Erkebiskopen

Et kongerike foran undergangen er ein fin introduksjon til ein oversett del av noregshistoria.
  

Eilif Peterssen «Erik Valkendorf møter Sigbrit Willums og Dyveke på Bergens torv i 1507», olje på treplate, 1876.
Publisert Sist oppdatert

Erik Valkendorf var Noregs erkebiskop frå 1510 til 1522. Han vart utpeikt av Christian II for å vere kongens mann, men vart i staden kyrkja og det norske riksrådet sin leiar mot den stendig meir tyranniske kongen. 

Sakprosa

Mona Ringvej: 

Et kongerike foran undergangen. Erkebiskop Erik Valkendorf og det katolske Norge som forsvant

Kagge, 2025

Til sist drog han i eksil til Roma, der han døydde før han rakk å møte paven.

Kuppmakaren

Dette er ei tid i norsk historie som få bryr seg om: Den førre biografien om Erik Valkendorf er Lars Hamres hovudoppgåve frå 1942. Mona Ringvej skriv betre enn Lars Hamre og har større sans for dei store linene og dramatikken i stoffet. Her kan ein til dømes samanlikne framstillinga av møtet i Oslo rådstove i 1507, der Christian tvang ein improvisert forsamling av stormenn til å setje konstitusjonen og riksrådet til sides og gi han eineveldig makt.

Til skilnad frå Hamre set Ringvej namn på hendinga: Det var eit kupp. Ho har blikk for maktpolitikken, og for Christian som ein machiavellisk fyrste. Han har tenarar som «skyver på normer, uthuler lover, sakte, sakte over tid», men han kan òg handle raskt, med politiske drap, vilkårlege arrestasjonar og avrettingar, og med summariske rettssaker.

Det er først frå 1510 Erik vert ein politisk aktør, før dette var han Christians kanslar, og han kan godt ha vore hjernen bak kuppet i 1507: Det er ikkje råd å sjå kvar Christian sluttar og Erik begynner. Men når han kjem til Nidaros i 1511, etter først å ha vitja paven, slik skikken var, vert han ein ny mann. Som leiar for riksrådet krev han at kongen skal respektere retten i landet, utan å lukkast.

Humanisten

Et kongerike foran undergangen gjev eit godt oversyn over perioden frå valet av kong Hans i 1483 til Christian II drog i eksil i 1523. Det er historia om ei kongemakt på offensiven, heilt til det kulminerer med erobringa av Sverige og Stockholms blodbad i 1520. Her vart 100 svenskar halshogne på Stortorget etter ei «rettssak» som sjokkerte samtida. 

Etter dette rakna det, først i Sverige, der Gustav Vasa overtok makta, og så i Danmark, der eit opprør pressa kongen til å søke tilflukt hjå slekta til kona hans i Belgia.

Christian er på sett og vis Noregs Henrik VIII, mens Erik er Thomas More.

Veikskapen ved boka er at hovudpersonen forsvinn i lange periodar. Ofte teier kjeldene om Erik sjølv, men det hadde vore mogeleg å fylle noko av tomrommet: Korleis var oppveksten til ein adeleg gut som var etla til ein karriere i kyrkja? Kva for bøker las ein på universitetet i Greifswald, og kva for kontaktar kan han ha knytt der? Kva kan den nyvalde erkebiskopen ha sett, og kven kan han ha møtt på ferda til Roma i 1510? 

Og er det rett å kalle han ein av Noregs første humanistar, slik andre har gjort? Ei bokliste frå bispesetet tyder på eit humanistisk miljø her før reformasjonen, men Ringvej går ikkje inn på spørsmålet. Og ho trår alvorleg feil når ho skriv at Glorup, der Erik vaks opp, var eit «renessanseslott på Fyn». Det ville i så fall ha vore det første nord for Alpane. Til liks med alle andre danske renessanseslott vart slottet på Glorup først bygt etter reformasjonen. 

Dette er viktig fordi det handlar om kva for intellektuell og materiell kultur Erik levde i. Som Ringvej framhevar: Då Erik kom til Roma i 1510, stod både Rafael og Michelangelo og måla i Vatikanet. Estetisk var det ei anna verd enn heime, men kor framandt var det intellektuelt? Vi får aldri vite nok om Erik til å danne oss ei meining.

Mona Ringvej er historikar og forfattar.

Helgenkongens mann

Men noko får vi. Til liks med Hamre ser Ringvej Eriks «omvending» som reell: Han gjekk opp i miljøet i Nidaros, gav seg inn under helgenkongen og vart Heilag Olavs mann. Dimed vart han òg ein forsvarar av norske tradisjonar, både religiøse og politiske. Han vart kjend med landet og drog heilt nord til Vardø, og han skreiv ei skildring av Finnmark som er ei viktig kjelde både til landsdelen og til han sjølv. 

Boka kunne ha vore tettare på kjeldene, og vurdert dei klårare. Det skjer litt for ofte at notane syner til sekundærlitteratur, mens sitat frå historikaren C.F. Allen på 1800-tals dansk får fungere som kjelder. Kongens elskarinne Dyveke var «sagtfærdig og hendes Bevægelser og hele Væsen havde noget overordentligt Yndefullt», skriv Allen. Han må jo ha det ein stad frå, men ingen på Dyveke si tid ville ha ordlagt seg slik. Kvifor kan vi ikkje heller få lese dette i 1500-talets eigne ord? 

Framdrifta i forteljinga er god, men litt fyldigare notar hadde gjort boka betre.

Christian er på sett og vis Noregs Henrik VIII, mens Erik er Thomas More, kongstenaren som, då han måtte velje, var meir trufast mot kyrkja. Noregshistoria er ikkje like glamorøs: Christian hadde ikkje seks koner, og Erik skreiv ikkje Utopia, men konfliktane er til å kjenne att, og dei utspelte seg i vårt eige land. Dei er vel verde å lese om.