JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein ihuga kvinnesaksforkjempar

Ingen som har interessert seg for norsk historie, anten det gjeld alminneleg røysterett, yrkesval og utdanning for kvinner eller forfattarskapane til kvinner, kan ha unngått å støyte på namnet Gina Krog.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gina Krog var med på å stifte Norske Kvinners Nasjonalråd i 1904. Bildet er frå det første styremøtet i foreininga. F.v: Karen Grude Koht, Fredrikke Marie Qvam, Gina Krog, Betzy Kjelsberg og Katti Anker Møller.

Foto: Wikipedia

4877
20220805
4877
20220805

SAKPROSA

MAGNHILD FOLKVORD:

Gina Krog

Feminist og tindeklivar
Solum Bokvennen

Ho var ein sentral skikkelse i det norske kvinnepolitiske landskapet frå omkring midten av 1880-åra og til ho døydde i 1916, 69 år gammal – som samfunnsdebattant og stiftar og medstiftar av ymse kvinnepolitiske organisasjonar, så som Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Nasjonalråd og Landskvinde-stemmeretsforeningen. I tillegg var ho einerådig redaktør av kvinnetidsskriftet Nylænde frå 1887 til ho døydde.

Det er derfor på tide at livsverket hennar blir dokumentert og diskutert i ein monografi. Det er rett nok publisert einskilde artiklar om ho tidlegare, men Magnhild Folkvords nye bok, Gina Krog. Feminist og tindeklivar, er den første større, samla framstillinga av hennar liv og virke. Magnhild Folkvord har tidlegare utgitt grundige bøker om to andre samtidige, framståande kvinnesaksforkjemparar, Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg (2013) og Betzy Kjelsberg. Feminist og brubyggjar (2016), og kjenner difor kvinnekampen i denne perioden svært godt.

I front

Det pregar også den nye boka; det er eit solid arbeid ho presenterer. På omkring 300 sider kjem ho vidt omkring i Gina Krogs mange idear og gjeremål, frå ein strålande debut som talar i ein debatt om kvinnesaka i Studentersamfunnet i 1884, til ho fekk gjennomslag for den største kampsaka si, alminneleg statsborgarleg røysterett for kvinner, i 1913. Røysteretten galdt førebels ikkje for dei som måtte ha stønad frå fattigkassa, men dette var like fullt ein stor siger.

Gjennom arbeidet i norske og internasjonale kvinneorganisasjonar blei Gina Krog kjend med, og støtta, andre viktige kampsaker, til dømes at kvinner måtte få utdanning så dei kunne bli økonomisk uavhengige av ein mann, forslag om mødrepengar til arbeidarkvinner, forbod mot såkalla kvit slavehandel («trafficking») og prostitusjon, forslag om fri abort, forslag om familiestrukturar som kan minne om dei seinare kibbutzane i Israel eller kollektiva på 1970-talet med felles barnepass og matlaging. For ei som var ung kvinne då, er det lett å kjenne att mange av desse sakene, og dei er vel neppe løyste i dag heller.

Magnhild Folkvord legg ikkje skjul på at dei norske kvinnesakskvinnene ikkje var samde om løysinga på alle desse problema; særleg gjekk det eit skilje mellom dei borgarlege kvinnesakskvinnene og arbeidarkvinnene. Dei hadde ulik bakgrunn, ulike krav og behov, og desse kunne ikkje alltid stettast. Magnhild Folkvord er forsiktig med å ta parti når ho skildrar tydelege motsetnader mellom Gina Krog og dei andre prominente kvinnene, men spør seg kor omstridd leiarskapen hennar var.

Lite personleg

Her er lite rom for personen Gina Krog. Unntaket er det korte, men interessante biografiske kapittelet om oppveksten med den handlekraftige mora, som vart enke før Gina var fødd. Elles vert ho stort sett skildra utanfrå og på avstand. Lesaren blir tatt med på dei mange reisene og konferansane hennar, som regel gjennom referat frå offentlege publikasjonar, som stort sett hyllar henne. Den mest siterte kjelda er Nylænde, som var eit direkte talerøyr for ideane og tankane til redaktøren; ho overtok tidsskriftet frå 1894, då Norsk Kvinnesaksforening ikkje lenger ville støtte det økonomisk. Eg saknar ein meir overordna diskusjon av rolla hennar der. Kanskje kunne ein få visst meir om kor kontroversiell Gina Krog var, om ein også hadde gått til brevmateriale, sjølv om Magnhild Folkvord seier i innleiinga at det er får personlege bevarte etter henne. Om ein gjekk til andre kvinners arkiv, var det kanskje meir å finne; forfattaren Nini Roll Anker er i alle fall nokså kritisk i eit brev til Hanna Butenschøn frå 1910: «Jeg har heller ikke den rette troen, hvis den rette tro er den, som har Gina Krog til præstinde.»

Men det er ein grundig, velorientert – og kanskje vel ukritisk? – gjennomgang av Gina Krogs innsats Magnhild Folkvord har levert her. Boka er velskriven og med fine illustrasjonar. Eit nyttig innslag er ei oversikt over «viktige kvinner» i kvinnesaksarbeidet.

Dessverre er her ein del stavefeil, men det får nå så vere. Verre er at litteraturlista manglar fleire namn og titlar som det vert referert til i brødteksten, og at tittelen ikkje er retta i forordet, der Magnhild Folkvord forklarar kvifor boka nødvendigvis måtte heite Gina Krog og kvinnekampen. «Tindeklivaren» er nok komen til seinare – men spelar lita rolle i framstillinga!

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emerita i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er
velskriven
og med fine
illustrasjonar.

Røysteretten galdt førebels ikkje for dei som måtte ha stønad frå fattigkassa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis