JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ein helt for vår tid

Taubman har skrive eit briljant og balansert verk om provinspolitikaren Gorbatsjov som dreiv fram eit av dei mest dramatiske, men òg fredelegaste skifta i russisk og europeisk historie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4149
20171124
4149
20171124

Sakprosa

William Taubman:

Gorbachev: His Life and Times

Simon and Schuster

Mikhail Gorbatsjov var ein tragisk helt som fortener vår forståing og vår beundring.

Slik avsluttar den amerikanske sovjethistorikaren William Taubman dei 700 boksidene sine om Mikhail Gorbatsjov, ein mann det no har vore stille om i over 25 år. Det gjer at ingen russar under 30 år, kanskje berre få europearar òg, hugsar han.

For kommunistar og mange russiske nasjonalistar er han mannen som gjorde kål på Sovjetunionen, og som derfor ikkje fortener anna enn ei nidstong. William Taubman, frå før kjend for ein monumental biografi om Nikita Khrusjtsjov, har skrive eit briljant og balansert verk om provinspolitikaren som dreiv fram eit av dei mest dramatiske, men og mest fredelege skifta i russisk og europeisk historie.

Snuoperasjon

Vel, så nådde han ikkje målet sitt, og supermakta han overtok, gjekk i oppløysing. Men før han hadde fylt 50 år, sat han i politbyrået i Kreml og såg at på denne måten kan ikkje eit land styrast. Når meir enn halvparten av leiarane meiner at det er nett slik det skal gjerast, og den nye sjefen sjølv har all si erfaring og all sin lærdom frå eit så einsretta og autoritært miljø – kor, og korleis, tek ein da fatt på snuoperasjonen?

Det mest lettvinte er å seia at Mikhail Gorbatsjov visste nokolunde kvar han skulle, men at han hadde lite aning om korleis han skulle koma seg dit.

Han var ikkje den første sovjetleiaren som heilt hadde mist trua på ideologien, som med religiøs kraft slo fast at kommunismen var eit betre politisk system enn alle andre. Truleg var Khrusjtsjov den siste som hadde denne overtydinga på plass; det trongst berre nokre mindre justeringar.

I Brezjnev-perioden var Sovjetunionen definert som «eit Øvre Volta med kjernevåpen», og kor kynisk det enn måtte lyda, hadde supermakta da ein leiar som fysisk ikkje var i stand til å leia eit møte om det varte i meir enn tjue minuttar.

Pratmakaren

Den russiske folkehumoren er sylkvass og intelligent, og da Gorbatsjov hadde hatt toppstillinga eit par veker, dukka denne typiske vitsen opp frå djupet: «Kven stør den nye leiaren vår»? «Ingen. Han kan stå av eiga kraft.»

Han kunne det. Men han skulle ha folket med seg, og frå mars 1985 gjekk det bra. Sidan vart det mykje snakk, lite effektivhandling og enda mindre mat og forbruksvarer, og på folkemunne vart han heitande «boltun» – pratmakaren.

Det mest dramatiske kapitlet hos Taubman er skildringa av våren og sommaren 1990. Berlinmuren er fallen, dei austeuropeiske kommunistlanda kan ikkje stå utan muren, Saddam Hussein går laus på Kuwait, og tyskarane vil samlast til éin stat.

Det siste går Gorbatsjov med på i eit møte med president George H.W. Bush i Washington i månadsskiftet mai-juni. Utanriksminister Sjevardnadze, tysklandseksperten Valentin Falin og forsvarssjef Akhromejev vert kvite i andletet, Bush-rådgjevarane sit berre og måpar. For den sovjetiske leiaren samlar seg ikkje til å be om garanti for vederlag for eit slikt steg – truleg rekna han med at vestmaktene tok på seg ei æresgjeld på nokså mange milliardar dollar da han strekte seg så langt.

Eitt år seinare, i juni 1991, vart den amerikanske ambassadøren i Moskva varsla av ein av Gorbatsjovs menn om at eit kupp var i emning. USA-diplomaten varsla president Bush, som bad om at han straks måtte seia det til Gorbatsjov. Det gjorde han, men Gorbatsjov lo det vekk og heldt fram med arbeidet med den nye statsstrukturen. To månader seinare kom kuppet, og i desember 1991 var Sovjetunionen historie.

I denne fasen skulle Gorbatsjov ha fått meir hjelp, meinte Margaret Thatcher, som da var eksstatsminister. Gorbatsjov og Taubman meiner det same. Slik gjekk det ikkje – og historikaren må skildra hendingane slik dei var, ikkje slik dei kunne ha vore.

PER EGIL HEGGE

Per Egil Hegge er journalist, forfattar og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han var ikkje den første sovjetleiaren som heilt hadde mist trua på ideologien.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis