JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein førar og brotsmann – verre enn dei fleste?

Forunderleg nok lever tidlegare førestillingar om at Benito Mussolini førte ei mildare form for fascisme enn andre despotar, enno i visse krinsar i Italia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Benito Mussolini talar i Sabandia i Italia 24. september 1934.

Foto: AP / NTB

5692
20230512
5692
20230512

Roman

Antonio Scurati:

M – århundrets sønn

Omsett av Steinar Lone
Cappelen Damm

Antonio Scuratis biografiske roman om Benito Mussolini, M – århundrets sønn, vil famne tre band. Fyrste bandet handlar om tida frå 1919–1925. Boka har blitt hylla for eit biletmetta og nyskapande språk og for elegant veksling mellom ei skjønnlitterær hovudline og sakprosasitat frå aviser, brev, historieverk og annan faglitteratur. Boka imponerer med eit frodig tilfang av nye kjelder og gnistrande scener frå politiske aksjonar og opptøyar, og ho er blitt geniforklart i alle land.

Mussolini er teikna etter mønster av dei fleste store despotane i det tjuande hundreåret. Som dei andre dreiv han ein systematisk løgnpropaganda, han heldt suggererande talar på store jubelbrusande massemøte, og han makta nådelaust å einsretta skulen, universiteta, arbeidslivet, avisene, tidsskrifta og filmen. Han dreiv systematisk tortur og snikdrap på politiske motstandarar, jaga bort etniske grupper frå heimstadene deira og myrda dei som ikkje underla seg hans vilje.

Rasistisk nasjonalist

Tidlegare førestillingar om at den italienske despoten førte ei mildare form for fascisme enn andre despotar, lever forunderleg nok enno i einskilde krinsar i Italia. Scurati teiknar tvert om eit portrett av ein omsynslaus, pervers, sjølvdyrkande, rasistisk nasjonalist av verste skuffe som utnytta dei såre kjenslene til dei italienske kraftpatriotane då Italia etter fyrste verdskrigen ikkje fekk dei områda dei meinte landet var lova, fyrst og fremt Fiume og Trieste.

Dei første åra etter krigen fekk Mussolini lite oppslutning, men frå 1921 har han vind i segla, og rett før påske set fascistane i gang eit blodbad på kommunistar og andre motstandarar. Dei tenner på lokala til Folkets hus over heile landet og dessutan fagforeiningskontor og kontora til landarbeidarforeiningane. Fascistane brenner fanene deira og drep leiarar for lokale sosialistparti og medlemar og tillitsmenn i landarbeidarforeiningar og sosialistparti.

Væpna grupper drep husdyra og riv opp vinstokkane, dei stormar herjande gjennom byar og landsbyar. Og over heile landet bryt forunderleg nok motstanden mot fascistane saman. Sosialistar og kommunistar i hopetal sluttar seg til Mussolinis parti, parlamentet blir oppløyst, landet blir psykisk lamma, og i valet om våren vinn Mussolini ein stor siger, sjølv om sosialistane framleis er det største partiet.

Strategisk fred

Den fascistiske føraren inngår då ein mellombels strategisk fred med sosialistane, forbyr all ny vald og fordømmer hykkelsk den valden som fascistane nyleg har utført. Mussolini manøvrer listig, han lyg og vinn fordi han manipulerer slik at han blir trudd, men planlegg likevel ny terror og nye mord og siktar no medvite på å overta all politisk makt i landet.

Alt i 1921 får fascistane 35 representantar i nasjonalforsamlinga, ein av dei er Mussolini sjølv. Også mange katolikkar støttar rørsla, fordi dei meiner partiet er det einaste som kan forsvare landet mot den bolsjevikiske ateismen.

I august 1922 bryt det ut storstreik. Igjen stormar fascistane lokala til sosialistane i dei største byane og set fyr på dei. Terror og oppstand herjar. Mussolini krev no høglydt at den sitjande regjeringa skal gå av. Mange meiner han er den einaste som kan redde landet, og i oktober marsjerer han med svartskjortene sine mot Roma.

Samlingsregjering

Den 30. same månad gjev kongen grønt lys for å danne ei samlingsregjering som skal skape fred og forsoning. Scurati kallar han ein politisk sigøynar, ein autodidakt i kunsten å utøve makt, den yngste stasministeren i Italias historie, utan politisk røynsle.

Men det viste seg snøgt at Il duce var dynamisk, handlekraftig og karismatisk. Med framskoten hake og hendene i eit hardt grep om hoftene gjekk han ut på balkongen i Palazzo Venezia i Roma og lova ei ny strålande stordomstid for Italia.

Det såg også slik ut. Arbeidarane vende tilbake til fabrikkane, produksjonen auka og gatene var stille. Mussolini innførte åttetimarsdagen, og store statlege underskott vart vende til overskott.

Men prisen vart høg. Snart innskrenka han makta den folkevalde forsamlinga hadde hatt, trykkefridomen skrumpa inn, han innførte sensur, kasta folk i fengsel utan lov og dom og bygde opp ein regulær, fascistisk hær. Den fascistiske ideologien gjennomsyrte etter kvart administrasjonen og skuleverket, og våren 1924 erobra fascistane heile 65 prosent av røystene. Nokre månader seinare vart ein av dei skarpaste kritikarane av han, Giacomo Matteotti, funnen myrda to mil utanfor Roma.

Parallell til Putin

Etter å ha lese det fyrste bandet kan ein ikkje la vere å trekke parallellar mellom Il duce og Putin. Begge fengsla, forfølgde og myrda politiske motstandarar, den eine i fortida, den andre i samtida vår. Begge dyrka, ja, nærast forguda den nasjonale stordomen som noko heilag og ukrenkande og dreiv krig mot språklege og kulturelle minoritetar.

Dei reiste begge krav om større geografisk rom med ei tvilsam historisk grunngjeving og tok leigemordarar i teneste. Dei kontrollerte alle media og straffa opposisjonelle ved å merke dei som landsforrædarar.

Dei to har mange fleire sams trekk, og det ser ikkje ut til at Europa blir kvitt den yngste av dei på lenge. Heller ikkje såkalla demokratiske statar som utruleg nok støttar undertrykkinga av ein demokratisk nasjon som Ukraina, nektar å innsjå kva følgjene av ei slik haldning kan bli på lengre sikt.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis