Bok

Det makelause i kvar ting

Casper André Luggs dikt har eit framandarta uttrykk som fangar augeblikk i eineståande natur.

Casper André Lugg er ein etablert lyrikar med mange diktsamlingar bak seg.
Publisert Sist oppdatert

Casper André Lugg har ein interessant epigraf, eller eit motto, i starten av den nye diktboka si. Det er eit vers av den engelske poeten Gerard Manly Hopkins (1844–1889): «Glory be to God for dappled things». På norsk vert det noko sånn som: «Ære være Gud for flekkete ting».

Dikt

Casper André Lugg:

Tilhørighetsterkslene

Bonnier Norsk Forlag

Dikta til Lugg ser ut til å vere i kontakt med fleire aspekt ved Hopkins lyriske skrifter. Og det kjem eg attende til.

Det makelause

Naturen er eit grunnmotiv i dei 37 nummererte dikta i den niande diktboka til Lugg. Ho har ein tittel beståande av eitt ord med sju stavingar: Tilhørighetstersklene. Dikta er korte, og ordsamansetjingane er eit karakteristisk trekk i diktsekvensane. Eg siterer dikt XXIX i sin heilskap: «syngende sanker/ vannbønn spiraler// og lysmunningen/ navnlig lukket// mens stemmene blandes/ i dennedagsstrømmen». 

Ord, vatn og straum vert her førte saman. Og sansen for bokstavrim, s-en som kvervlar gjennom diktet, er særleg merkbar.

Dette er ikkje nødvendigvis ein avansert lyrikk, jamvel om formene kan verke framandarta. I staden for å tenkje at ein skal forstå diktet, går det an å tenkje at ein ser og opplever noko i retning av eit eineståande andletsuttrykk, ein fysiognomi, i møte med orda.

Sjølv om dikta til Lugg er nokså dempa, freistar dei å fange det makelause i kvar einskild ting. Hopkins utarbeidde teoriar om metrikk, men han laga også teoriar om det unike, om den partikulære eksistensen til alt og alle. Det unike er å finne i det Hopkins kalla inscape, eit ord det er vanskeleg å finne ein norsk ekvivalent til, men som syner til den indre venleiken i tinga, som gjer dei individuelle, og som me blir merksame på gjennom dei ytre gestane og formene.

Unik, levande

Det skapte endrar seg, er støtt i rørsle, skiftande, frå augeblikk til augeblikk, frå dag til dag – slik ord som «dennedagsstrømmen» indikerer. Diktsekvensane til Lugg fangar lyriske augeblikk der naturen står fram som unik, levande. 

At plantar er unike, er ingen fjern tanke, om ein gløttar på moderne botanikk. Botanikaren Stefano Mancuso, som er oppteken av den ibuande intelligensen til plantane, viser til dømes korleis røter, lenge før dei møter ei tilfeldig hindring, byrjar å vekse rundt hindringa.

Dette er ikkje nødvendigvis ein avansert lyrikk, jamvel om formene kan verke framandarta.

Men må ikkje det unike overskride seg sjølv og delta, og høyre til, i noko større? «Terskelen» i tittelen talar jo også om noko som hindrar, som skil noko frå noko anna, men samstundes om å høyre til, om ein fellesskap. Éin stad heiter det at «bjørkebue sulten sprang». Ordet sprang er anten fortidsforma av å springe, eller så kan ein forstå det som substantivet, altså eit hopp – å gjere eit brått og kvalitativt nivåskifte. Stavingane i orda gjer sprang og spring framover. Og i dei mange ordsamansetningane ein møter hos Lugg, er ord smelta saman, men stavingane i orda representerer også sprangvise framrykkingar, lydleg og semantisk.

Lugg skriv dikt som har eit eige uttrykk, som ein kan oppleve, erfare slik dei er på papiret. Dikta framhevar det eineståande i naturen. Samstundes ligg det ei tenking i dei merkelege dikteriske uttrykka til poeten. Det har eg sansen for.