JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det er ikkje openbert

Jonny Halberg tar oss med på ei reise i død, sorg, løyndomar og familiedynamikk, men òg i ypparleg språkføring og forteljarkunst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jonny Halberg er ein prislønt forfattar som òg har skrive filmmanus og er litteraturkritikar.

Foto: Ann Kristin Aas

3537
20230303
3537
20230303

Roman

Jonny Halberg:

Johannes’ åpenbaring

Kolon

Ein stad i Jonny Halbergs siste roman Johannes’ åpenbaring heiter det: «Han laget en grimase og sa, enormt plaget: ’Det er mat om fem minutter.’» Kven i all verda kan seie ei så kvardagsleg setning på ein «enormt plaget» måte?

Scena dreier seg om at far til Johannes, som òg heiter Johannes, står over han mens han søv på sofaen. Når sonen vaknar, får han middagskallet av den enormt plaga faren. Denne scena er symptomatisk for mysteriet Far, som romanen viklar ut litt og litt.

Krim og kvalitetar

Vår Johannes, eg-personen, reiser heim til farens gravferd. Han har livnært seg som standupkomikar og har ikkje snakka med faren på fleire år etter å ha brukt familien som utgangspunkt for scenemateriale. Gamle-Johannes var lege og godt likt der han verka på Skatøy. No har han hengt seg, og familien strøymer på til gravferda. Johannes finn løyndomar i både gamle dokument etter faren og blant familiemedlemene, og litt etter litt dannar det seg eit bilde av faren som er langt meir komplekst enn det han hadde frå før.

Sjølve notidshandlinga går føre seg i dagane rundt gravferda, men vi blir tatt med tilbake til andre tider og stader, og vender tilbake til notida med nye bitar i puslespelet.

Jonny Halberg har oppvist mange ulike kvalitetar i forfattarskapet sitt, og dei fleste av dei kokar ned til ei forteljarevne – om det så handlar om å stå tett på menneske, bygd og skjebne, som i Trass (1996) og Flommen (2000), å vere tåresprettande morosam, som i All verdens ulykker (2007), eller å vise fram ei velutvikla kompositorisk forståing, som i novellesamlinga Like nord for kirka (2016).

I årets roman kombinerer han fleire av desse kvalitetane og syr det over eit slags krimmysterium. Som tittelen føreslår, inneheld romanen openberringar for begge Johannesane. Romanen inneheld vidare funderingar over religion, frå det ateistisk avvisande til det filosofisk grensesprengande. Portretta av mora Toril, andre familiemedlemer og gamle vener og sambygdingar er skarpe og levande. Språket, og drivet i det, er hos Halberg dragande på ein måte som er særeigen for han, og i særklasse.

Fortetta og morosamt

Dette er for eksempel ein fin måte å teikne ei sorg på: «Hun stilte seg opp foran liket med brillene på. De begynte å dogge.» På komprimert vis får Halberg i ei setning om Toril sagt så mykje meir om mangt – ein kan seie at heile livsløpet til Toril og gamle-Johannes er fanga opp her: «Hun var atten og hadde store brune øyne, svart hårmanke, definert kjeve og lignet på Maria Callas, en av fars favorittsolister, som han, til mors irritasjon, pleide å spille arier av over Tandberg-anlegget.» Og i skildringa av den fordrukne onkel Hallvard kjem humoren til syne: «Det sto en acetonlukt fra den gamle obersten som kunne fått de mest hardføre blomsterarter på Svalbard til å visne.»

Sjølv om Johannes får eit anna bilde av faren og resten av familien etter kvart, er ikkje alle mysterium i romanen «løyste». Heldigvis. For dette handlar jo ikkje berre om plotet, men om romanen som form. Romanens møte med lesaren, om du vil. Her ligg det mange lag igjen.

Far Johannes har sjølv alltid vore fascinert av openberringa i Det nye testamentet: «Det står mer der, kjære svigermor, enn du sjøl kan ane.» Det gjer det i Jonny Halbergs roman òg.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis