JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Den kvelden du kom hit

Meg Baird tek stødige steg vidare i sitt eige musikalske landskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
De tnye albumet til Meg Baird kjem ut i slutten av januar.

Foto: Rachael Cassells

3391
20230120
3391
20230120

Rock

Meg Baird:

Furling

Drag City

Det er ikkje alltid det skal så mykje til å strekkje ut ei hand, slik at det får ein verknad som er større enn ein først skulle tru. Den enklaste gesten kan utgjere heile forskjellen, tenkte eg her for litt sidan, då eg lytta til «Cross Bay», ein av dei tindrande låtane på Meg Bairds nye album Furling.

«I just wanted you to know that it meant so much to me when you crossed the bay», syng Baird: «Came to check on me and made sure that I was OK

Songen var først å høyre nedstengingsvåren 2020, då så mange fekk prøve seg i nye måtar å vere åleine – og å høyre saman – på. Baird gjorde «Cross Bay» tilgjengeleg med følgje av ein anekdote om ein venn som kom over sundet då ho trong det som mest, og med ei oppmoding om at folk skulle ta litt ekstra vare på kvarandre.

Kreativ kontroll

Det kan godt vere du har høyrt Meg Baird fleire gonger utan å vere klar over det, på plater av artistar som Bonnie ’Prince’ Billy, Sharon Van Etten og Kurt Vile. Somme vil kjenne henne frå samarbeidet med harpist Mary Lattimore eller frå banda Espers og Heron Oblivion, og ho har turnert med folk som Bert Jansch og varma opp for Ryley Walker. Det er ikkje heilt feil å seie at ho er fødd rett inn i musikken, med eit familietre og ein oppvekst som ikkje har stått i vegen for talentutvikling og dyrking av musikkinteressa, og at ho aldri har sett seg tilbake.

Alt dette tilseier jo at det er ein erfaren artist vi høyrer utfalde seg på Furling, og det er det – med ein tydeleg visjon og kreativ kontroll i alle ledd. Ein sikker kunstnar som i tillegg til å ha komponert og spelt mesteparten av instrumenta på albumet, står for produksjonen saman med partnar Charlie Saufley. Baird syng og spelar på gitarar, fleire tangentinstrument, trommer, perkusjon og vibrafon, og det er også henne vi høyrer på Mellotronen. Sett bort frå Saufley på nokre instrument er det berre Mary Lattimore og Tim Green (som driv studioet Furling er laga i) som elles er med.

Kunstnarleg modning

Det er mykje fint gitararbeid på Furling, som slik ber i seg nokre ekko frå den heilakustiske debutplata Dear Companion (2007), der Baird stod fram som folkartist, men førebels ein som hovudsakleg tolka songane til andre. Det endra seg med oppfølgjaren Seasons On Earth (2011), der ho skreiv og komponerte sjølv, fekk invitert inn eit koppel med prominente gjestar og framviste ein heilt annan musikalsk variasjon. På Don’t Weigh Down the Light (2015) var ensemblet lite, og slik sett er Furling ein kulminasjon av ei utvikling og kunstnarleg modning som har skjedd over tid, hos ein artist som tek stødige – snarare enn forhasta – steg vidare i det som er hennar heilt eige.

Dette tolmodet høyrer ein også i sjølve musikken, som i opningssporet på Furling, «Ashes, Ashes», eit inviterande og stemningssetjande instrumentalspor med ei speletid på over seks minutt. Når ein syng så fint som Baird, er det modig gjort å vente med å heve røysta til song nummer to.

Eg er alltid uroleg for referansar når eg skriv om ein artist som fleire burde ha høyrt om, men eg får nemne at eg eit par gonger tenkjer på Mazzy Star når eg lyttar til Furling – som berre vert betre og betre for kvar ny runde i spelaren.

Furling kjem ut 27. januar.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis