JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Brende barn søkjer eld

Mathias Faldbakken har koka i hop eit heksebrygg av ein roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Matias Faldbakken er biletkunstnar i tillegg til forfattar.

Foto: Dan P. Neegaard

3697
20221021
3697
20221021

Roman

Mathias Faldbakken:

Stakkar

Oktober

I ei innlandsbygd i Noreg ein gong på 1980-talet (kanskje, for tidsperioden er bevisst ikkje eksakt og heller flytande) møter vi to ungdomar. Det er ein gut og ei jente, av det slaget ein før i tida kalla «hittebarn», altså barn av ukjent og omsorgssviktande opphav som hamna nedst på den sosiale rangstigen. I ei blanding av godleik og nyttetenking blir dei tatt vare på av familien Blum, som eig og driv eit solid gardsbruk. Når det gjeld Oskar, var det vel helst nytteverdien som talde, han arbeider hardt som dreng på garden. Jenta – som ho etter kvart viser seg å vere – er av eit villare slag. Ho er eit «ulvebarn» eller «villbarn» utan språk eller sosialisering. Oskar finn henne i skogen.

Dette er ramma for forteljinga i Stakkar. Endå viktigare enn handlinga er språket. Som i den førre boka si syner Faldbakken seg som ein meister i å vere språkleg oppfinnsam. Også Vi er fem var prega av stort overskot i ei sær blanding av munnleg og eventyraktig språkstil, aforismar og plutselege akademiske referansar. I denne siste romanen er den originale blandinga endå meir potent, endå meir knudrete, med innslag av heilt moderne språk og jamvel engelsk.

Teksten leikar seg med klisjear og tropar – og gir oss det vakre og det vonde i ei sterk blanding, ironisk og rett fram på éin gong. Vi er med, dette er ein svir å lese.

Finn kvarandre

Vi er fem var god, Stakkar har meir substans. Karakterane grip oss meir, vi les og lid med den heltemodige, men undergangsstempla Oskar og den ville Utskilde.

Over heile verda har det oppstått historier om barn som har levd i villmarka utan kontakt med menneske. Få slike soger har rot i røynda, men skapningane har alltid fascinert oss. Dei tematiserer kva eit menneske djupast sett er. Kva er natur, og kva er kultur og sivilisasjon?

Om «Utskilde», som jenta kallar seg sjølv når ho etter mykje strev tar i bruk verbalspråket, får vi ikkje vite stort om bakgrunn eller korleis ho har greidd å overleve i skogen, fortida hennar ligg i «stummende mørke». Om Oskar får vi heller ikkje vite mykje om opphavet, men nok til å skjøne at det heile var tragisk og traumatisk.

Desse to er tvillingsjeler og finn kvarandre på så mange plan, også seksuelt. Bandet blir veldig, veldig sterkt. Når nokon prøver å bryte det, blir kampen mellom sivilisasjon og natur farleg.

Intenst driv

Det siste skjer i storbyen, Oslo, dit dei kjem som «to dyr som hadde forvillet seg inn i sentrum med hamrende puls». Villskapen og den karnevalistiske stilen flyt med til bymiljøet. Språket er likevel sterkast medan handlinga held seg på bygda, kanskje fordi det er frå eit slikt miljø, det rotnorske og folkeeventyraktige, forfattaren hentar mykje av krafta til det.

Forflyttingane frå villmark til bygd, frå bygd til by, speglar den indre tematikken som handlar mykje om grenser og overskridingar. Når eit menneske blir planta om i eit heilt anna miljø, oppstår nye sjansar. Men nissen på lasset lèt seg ikkje kaste av. Korleis ser eit traume ut – for ein sjølv, for andre? Skal ein og bør ein strekkje seg mot dei djupaste såra i seg sjølv?

Romanen gir ingen svar. Å stille spørsmåla er kanskje nok i seg sjølv. Med eit slikt språk og intenst driv har forfattaren kreert ei særs underhaldande soge. Eg tenkjer likevel at han kunne ha bora endå meir i tematikken, han er så visst viktig og djup nok. Og Faldbakken er i alle fall på god veg til å bli ein stor nok skrivar til å makte det.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med eit intenst driv har forfat­taren kreert ei særs under­haldande soge.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis