Zoom inn, still skarpt
Mørkerom er ein stilistisk vellukka roman om nærleik og avstand.
Mette Karlsvik har funne sin eigen måte å skriva romanar på.
Foto: Tove K. Breistein
Roman
Mette Karlsvik:
Mørkerom
Samlaget
Mette Karlsvik har funne sin eigen måte å skriva romanar på, der ein gjerne kjem inn i boka via eit oversyn, anten reint fysisk, at ein ser det viktige litt på avstand først, før ein kjem nærare og ser detaljane, eller ved ei vitskapeleg tilnærming, der hendingar først vert skildra objektivt og generelt, før teksten kjem til det spesielle tilfellet boka handlar om. I den nye romanen kan ein sjå årsaka til at det har vorte slik, utan at ho gjer noko poeng av det.
Årsaka ligg i bakgrunnen, både hennar eigen og farens. Faren var flygeleiar av yrke, men han hadde også ein hobby, beint fram ein lidenskap, nemleg fotografering. Og just slik har Mette Karlsvik vorte som forfattar, flygeleiar og fotograf. Ho styrer med fjerne objekt, og zoomar seg inn på dei nære.
Familiealbum
Først i romanen får me ei grundig skildring av korleis eit foster utviklar seg, etter kvart går teksten frå det generelle til det spesielle, det skjer umerkeleg, men fosteret vert ein person, og personen vert med tida far til forfattaren. Etter dette er mykje av romanen eit familiealbum, her er bilete frå typiske og utypiske situasjonar i livet til denne mannen som me etter kvart får vita mykje om, men på skånsamt vis. På same måte som Tormod Haugland, som òg skriv frå sin eigen familie i ein roman i år, Om dyr og syn, skriv Karlsvik utan å nytta namn på slektningane. Det kjennest som eit klokt val, for ord som mor, far, søster, fetter og liknande er då berre sikkert identifiserande for dei som kjenner familien, og ikkje for oss som lyt halda oss til boka.
Her er gode skildringar av oppvekst. Det skjer ikkje så mykje dramatisk i dei einskilde scenene, men dei teiknar eit bilete av totalopplevinga. Faren, flygeleiaren, har ein stressande jobbsituasjon med mykje overtid og sterke krav til konsentrasjon. Det går nok ut over harmonien i familien, der ein kan ana at alle har sitt å slita med. Dette vert ikkje poengtert med detaljar, for det er ikkje det viktige i romanen. Det som er motoren i handlinga, er faren, fotograferinga, mørkeromsarbeidet og jobben han har, ein jobb som øydelegg han, for det er ingenting som er meir øydeleggande for den einskilde enn stress.
Tett på
Karlsvik går tett på faren, på sjukdomen han utviklar, på interessene hans. Me er såleis med han på jakt, eller helst når han tenkjer på jakt han ikkje får tid til å delta i, me er med han på arbeidet og i mørkerommet. Samstundes får me ta del i utviklinga til forfattaren, ikkje minst som fotografiinteressert ung jente, men også i det heilt daglegdagse, til dømes når ho ein gong i barndommen spør foreldra om ho kan gifta seg med hunden i huset. Ho får nei på førespurnaden. Ja, ikkje frå hunden, då. Og me ser uklårt konturane av noko anna, eit motiv forfattaren tangerer så varsamt at ein nesten ikkje merker det: Jenta er redd for vaksenlivet. Her er ho i slekt med Oscar Matzerath hjå Günther Grass, men Karlsvik går ikkje vidare med dette motivet.
Stendig finn ho i staden nye punkt å zooma inn mot, noko nytt det skal stillast skarpt på. For ho er ikkje berre fotograf og flygeleiar i skrifta si, ho er astronom og mikrobiolog, og eg vil ikkje arrestera henne på anna enn at ein edderkopp éin stad vert klassifisert som insekt, og at ho ikkje er heilt stødig når det kjem til stridsspørsmål om firfisle og salamander. Men elles står romanen til laud.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her er gode skildringar av oppvekst.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.