Talent for god driv
Det skjer mykje i Kristin Hauges andre bok, men det kunne skjedd meir.
Kristin Hauge debuterte med ei novellesamling i fjor. No har ho skrive roman.
Foto: Vigmostad Bjørke
Roman
Kristin Hauge:
Ritualer
Vigmostad Bjørke
Eg har det med å bli trekt mot bøker skrivne av forfattarar som kan likne på meg sjølv, norske, unge kvinner. Som oftast har bøkene deira dessutan kjende og kjære miljø. Også denne gongen les eg ein fersk forfattar, men eg prøver meg likevel lite grann utanfor komfortsona mi når eg les Kristin Hauges (f. 1958) andre bok og første roman, Ritualer.
Velkjend
Forfattarens første bok, novellesamlinga Tiggerne, kom ut i fjor, og alt året etterpå har vi altså fått ein solid roman frå den gode forteljaren. Felles for begge bøkene er at vi kan sjå at Hauge har bakgrunn frå utanrikstenesta, men i størst grad i novellesamlinga. Frå Ritualer er det ikkje skildringane av afghansk natur og terrorsituasjonar i Kabul eg hugsar best, sjølv om dei for så vidt er sterke. Det eg derimot hugsar best, er forteljinga om ein såkalla moderne middelklassefamilie frå Oslo, som altså er godt innanfor både mi og den norsk samtidslitteraturens komfortsone.
Ritualer går føre seg i løpet av tre novemberdagar, og tre hovudpersonar byter på å fortelje: Harriet og Viktor og den vaksne dottera deira, Ally. Ally jobbar som diplomat ved ambassaden i Kabul og skal ha eit opphald heime i Oslo. Harriet og Viktor skilde seg då Ally var barn. Viktor har ny familie, sonen Stein og kona Eva, som er i full gang med å gjere i stand sekstiårsfeiring for han. Harriet er einsleg og skal til å selje barndomsheimen og reise på åleinetur til Cuba.
Vellukka
Det er altså små – eller store, alt etter korleis ein vel å sjå det – hendingar og endringar i livet til denne familien vi får ta del i. Handlinga er fortalt med uvanleg godt driv; eg er ein ganske langsam lesar, men her går det fort. Det går ikkje fort fordi boka er lett, men fordi språket er så godt å lese. Og så er det faktisk ganske spennande også, med utruskap, graviditet og butikktjuveri.
På sitt beste meiner eg boka er prisverdig, eg tenker særleg på Bokhandlerprisen som typisk går til velskapte romanar. Dessutan kan dei engelskvenlege namna til fleire av karakterane, Harriet, Viktor, Ally, Stella, tyde på at også forfattaren håper på internasjonal suksess.
Men så slit eg likevel litt når eg prøver å «ramme inn» boka. Ut frå tittelen og ein del av innhaldet kan det verke som om det er meininga vi skal tenke dei store tankane, om livet og døden, kanskje òg noko om religion og etterliv. Men etter kvart er det som om det ikkje er så mykje som står på spel lenger for romanfigurane, og så er det ein del små antiklimaks der det nesten skjer noko av stor interesse. Mest dramatisk er det meininga at forteljinga om Viktor skal vere, og likevel er det særleg han eg har vanskar med å nå inn til, eg blir halden litt for mykje på utsida. I romanen kan jo kva som helst skje, så eg saknar at forfattaren drar på litt, for å få boka til å skilje seg meir frå alle bøkene som liknar.
Katrine Judit Urke
Denne bokmeldinga er den siste Katrine Judit Urke skriv i Dag og Tid. Grunnen er at ho skal byrje som bokmeldar i Dagbladet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På sitt beste meiner eg boka er prisverdig.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.