JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Talaren treng
truverd mest av alt

Skaff deg ein metode, finn ut av sakene og ikkje bløff!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mina Gerhardsen, som sjølv har vore taleskrivar, har skrive ei bok om kva som gjer ein tale god.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

3046
20180316
3046
20180316

Sakprosa

Mina Gerhardsen:

Å lykkes med taler. En håndbok for deg som vil skrive engasjerende taler og holde inspirerende foredrag.

Res Publica 2018

Overraskande bøker vert gode vener. Denne synte seg å ikkje vere nok ei overflatisk bok med råd og utkropne PR-triks, noko eg fyrst trudde og var budd på å slakte nådelaust. Eg vart straks fengsla, humra over attkjennlege situasjonar, lun humor og sjølvironi, og hadde glede og nytte av lesinga.

Mina Gerhardsen åtvarar med rette mot utslitne sitat og slagord. I staden viser ho sjølv sitatkunst – med glimt frå interessante talar og frå analytikarar. Ho demonstrerer at det er mogleg å gje etisk høgverdig rådgjeving til allslag folk som har bodskapar å kome med, eller ta del i samfunnet med framlegg og kommentarar.

Situasjonsmedvit

Då eg handfór boka, såg ho ut til å handle om talaren, og eg sukka: Atter ei bok om korleis du skal selje deg og varene dine. Men tvert om: Vi vert systematisk klokare om kvifor talaren må vere truverdig, kompetent, ha greie på sakene ho/han vil formidle, og ikkje minst respektere tilhøyrarane sine – utan å frykte dei.

Utan å brikje med det har forfattaren betre teoretisk grunnlag og meir praktisk røynsle enn mange. Så har ho då også vore taleskrivar og faktafinnar for sentrale politikarar. Konsentrasjonen om korleis talaren sjølv opplever oppgåva si og rolla si før, under og etter talen, er både sjeldan innsynsrik og verdfull.

Ikkje minst er påpeikinga av situasjonsmedvitet viktig. Det kjem ikkje av seg sjølv. På førehand må ein kjenne staden og tilhøva, ein må vite kva verkemiddel og utstyr ein kan nytte, ein må kjenne publikum (for ikkje å verke dum), ein kan ikkje alltid lite på arrangøren og ein må difor ha både plan B og C i påkomande tilfelle.

Stoisk tradisjon

Her kviler boka medvite eller umedvite på den viktigaste retoriske tradisjonen: Den stoiske. Denne filosofien har støtt føresett mot og kraft i kamp for idear og saker, og då er ikkje hovudmålet å gå til åtak med alle middel for å nedkjempe motstandaren. Fyrst og sist må ein ha sjølvkontroll og dermed påverke kjenslene i debattforumet eller salen eller dei media projiserer, så talaren ikkje øydelegg sine eigne mål og méd, både bodskapen og seg sjølv, undervegs.

Vert råda i boka fylgde, får vi ikkje mange nye bløffete, gnålete eller inkjeseiande talarar, snarare fleire som satsar ære og omdømme på å forbetre kvaliteten på diskusjonar. Boka gjorde meg så letta og glad at eg gjerne tilrår henne for studentar, lærarar, organisasjonsfolk, tillitspersonar, festtalarar og andre. Fylgjer de desse råda, gjer de bryllaupa morosamare, doktormiddagane mindre strevsame og politiske møte meir spennande.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka gjorde meg så letta og glad at eg gjerne tilrår henne for studentar, lærarar, organisasjonsfolk, tillitspersonar, festtalarar og andre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis