Oslo mon amour
Toril Brekke skildrar jubel og angst hos ei ungjente.
Toril Brekke har så langt skrive to romanar om ungjenta Agathe.
Foto: Tine Poppe
Roman
Toril Brekke:
Kobrahjerte
Aschehoug
«Han kan sine ting», blir det sagt om ein ung danske i Toril Brekkes siste roman. Det handlar om sex, noko som er eit sentralt tema gjennom heile den nye romanen om unge Agathe, no 16 år. Ikkje slik at det er mange detaljerte utleggingar om seksuell aktivitet, men som naturleg er i den alderen, kretsar mykje av tanke- og kjenslelivet til ungjenta rundt dette mysteriet – eit mysterium som både lokkar og skremmer, og som kan gi både gode og særs dårlege erfaringar.
Kobrahjerte er ein frittståande oppfølgjar av Alle elsket moren din, som kom i 2017. Ein får nok aller best utbyte av romanen om ein har lese den første boka og blitt kjend med bakgrunnen til Agathe, sjølv om litt av bakgrunnen for korleis familien hennar har enda opp i den litt utradisjonelle forma som han har, blir forklart undervegs.
Å kunne sine ting er òg dekkande for Toril Brekkes romankunst, med eit par atterhald.
Musikk og filosofi
Der teksten i den første boka om Agathe nokre gonger kunne bli vel oppstykka og abrupt i forma, og med lange sprang i tid og rom, er Kobrahjerte meir konsentrert. Her følgjer vi Agathe frå hausten ho skal byrje på Nissen gymnas og gjennom dette første skuleåret. Den uansvarlege mora som vi vart kjende med i den første boka, har no floge frå familien for godt. Att i Oslo er Agathe med veslebror og stefar. Agathe må vere omsorgsperson for broren og har blitt nokså bråmogen. Søskena er prega av saknet etter mora, naturleg nok, og humøret svingar. Det går betre når Agathe får kontakt med og hjelp frå gode vener – både nye og gamle.
Brekke er god på tidstypiske detaljar. Her er fine og (trur eg) tidsriktige skildringar av Oslo i 1960-åra, som til dømes at det overalt og heile tida vert røykt ei uhorveleg mengde sigarettar.
Like viktig som dei konkrete omgivnadene for Agathes liv, blir etter kvart det åndelege. Gjennom litteratur, musikk, biletkunst og filosofi får Agathe utfalde seg og bryne tankar i lesnad og diskusjonar. Musikken har nok den aller viktigaste rolla, og det på ein bittersøt måte, fordi han er så sterkt knytt til Agathes mor. Også det politiske er eit tema som kjem inn, mellom anna gjennom besteforeldra og opplevingane deira under krigen.
Kanskje er det litt i overkant mange element forfattaren har villa gje plass i romanen. Jamt over synest eg likevel Brekke turnerer godt alle dei ulike motiva som ho lèt spele med i soga om Agathe.
Elskaren
Nokre av bøkene som blir viktige for henne, kjem frå den litt eldre kusina, Madeleine, ho som er halvt fransk og som Agathe alltid har beundra og kjent seg litt underlegen overfor, men som det viser seg ber på eit traume.
Historia om Madeleine blir, i alle fall mot slutten av boka, kanskje det minst vellukka elementet. Forfattaren tværar dette motivet vel mykje ut, og det blir litt for tydeleg at mysteriet med Madeleine – kvifor er ho ikkje lykkeleg, og kva vil ho at Agathe skal gjere for henne? – skal fungere som ein narrativ motor gjennom romanen. Denne motoren går til slutt litt på tomgang. Når det endeleg blir avslørt kva som har hendt, og kva Madeleine treng hjelp til, blir det heile teatralsk, i negativ forstand. Det er synd, for den feministiske tendensen som har lege som ein fin og tydeleg grunntone gjennom heile romanen, sklir her ut i eit melodrama.
Sett bort frå dette må vi tru og håpe på ei tredje bok om Agathe frå Oslo.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor og forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Toril Brekke er god på tidstypiske detaljar.
Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.