JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

3608
20240419
3608
20240419

Roman

Henrik H. Langeland

Makten og æren

Cappelen Damm

Det er ikkje berre berre å kome heim etter skipsreiarutdanning i utlandet, torpedering, nesten-drukning og eit opphald på sanatorium med tuberkulose. Skipsreiarsonen Herman Lauritzen frå Tønsberg får overta roret i familiebedrifta på 18-årsdagen, men før han kan ta over i praksis, må han sendast ut på kunnskapssanking. Etter tre år skal han kome tilbake og få byrje den regulerte ferda mot sjefsstolen.

Ny kurs

Det er berre det at med første verdskrigen stormande ute i verda, og med andre komplikasjonar i sving, tar det ni år før Herman vender heim. Då finn han familiegodset i forfall, personlege relasjonar og maktforhold forskovne og inngåtte avtalar brotne. Som han sjølv seier det: «Svik og dolkestøt på alle hold». Frå dette sjokkerande utgangspunktet gjer Herman sitt beste for å få drifta på rett kjøl igjen og stakar ut ny kurs med shippingerfaringa han har frå utlandet. Faren har vore pioner i overgangen frå segl til damp, sonen har festa blikket på overgangen frå damp til diesel.

Ny kurs skal det vise seg å bli i personlege tilhøve òg – direkte tam kan Herman ikkje seiast å vere, utan at eg skal gå nærmare inn på det. Spenninga i denne medrivande romanen ligg nemleg i Hermans utvikling: Kva finn han på no? Og no, då? Kva i all verda!

I tillegg er det ei spennande tid Henrik H. Langeland tar for seg i forteljinga, som er inspirert av historia til ein av landets viktigaste skipsreiarfamiliar på 1900-talet. Tittelen Makten og æren speler på Nordahl Griegs Vår ære og vår makt, og viser, som Griegs teaterstykke, konflikten mellom ein reiarstand som spekulerte i assuranseinnhåving, og den framveksande arbeidarrørsla.

«Kva finn han på no? Og no, då? Kva i all verda!»

Friskt og vakkert

Det friskaste i romanen er Langelands språk, personskildringar og dramaturgi – forteljinga osar av overskot. Ordførar Carsten H. Bruun er skildra slik: «en undersetsig mann som forsøkte å kompensere for sin vertikale utfordring med et fremskutt brystparti». Om Hermans mor, lett påsegla og overlivleg i eit selskap, heiter det: «Det var ikke bare som om hun spilte et skuespill, men som om hun spilte selve rollen som skuespiller.» Den maritime bildebruken er ivaretatt, utan å få slagside: «Onkelens oppmerksomhet seilte ut av vinduene som et skip uten ror.» «Det var et alvorlig skudd for baugen i livsgjerningen hans.»

Dei tre søskena vi blir kjende med i opningsscena, der 18-årsdagen til Herman blir feira på høgtidsamt vis, er vakkert teikna opp gjennom korleis dei spelar piano: Yngstebroren Alf hata å spele; fingrane stokka seg. Veslesøster Mathilde spelte impulsivt og improviserande. Storebror Herman spelte korrekt, «han arbeidet seg fremover takt for takt, som en dampmaskin».

Tidskoloritt

Påminninga om tida vi er i, er synleg gjennom teknologiske referansar, som nyvinningane i skipsfarten, som telegramsendingar når ein skal få kontakt med nokon ute i verda, som ein Buick på tunet, eller som Hermans overrasking over å sjå eit nymotens «telefonapparat» i heimen. Riktig kuriøst sett frå i dag er det når Herman kjem heim etter sine ni år, og set seg til å lese ein bunke «opptenningsved», altså oppsamla Tønsbergs blad, for å orientere seg om kva som har skjedd lokalt og nasjonalt mens han var borte. Han kunne ikkje ty til internett verken undervegs eller ved heimkomsten. Han kunne likevel klekke ut utspekulerte planar etter oppdateringa.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis