JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

2697
20240412
2697
20240412

Lyrikk

Erlend Skjetne:

Liv, eg har drukke

Flamme Forlag

Førre boka til Erlend Skjetne var eit sterkt personleg dokument. I samlinga frå i år går han i nærsynt dialog med Olav Nygard, ein av dei fremste lyrikarane våre. Tittelen er henta frå opningslina til eit kjent dikt frå Kvæde (1915).

Hjå Nygard heiter det rett nok «Liv, eg hev drukke», men kanskje må vi kunne gje Skjetne ein viss diktarfridom. For det han gjer her, heiter på gresk «palimpsest», ei skrift over skrifta, slik pergament i mellomalderen gjerne vart nytta fleire gonger. Dei strauk ut den opphavlege teksten og skreiv ein ny over, ofte i fleire lag, ettersom pergament var kostbart.

Personleg tone

Meir eller mindre opne referansar til Nygards dikting finn ein nær sagt overalt, og han «mimar» til og med abba-forma til modalingen:

Kjenn angen av ein tidleg dag i verda –

Du var eit frø, og alt låg enno ope,

og heile livet skimra i ein drope,

og ingen engel kravde plass på herda.

Tematikken ligg tett opptil Nygards eigen: kjærleik, lengsle, himmelsyner: «Knust flaske ein gong full/ av skummande himmel: Kallet kling/ i dei småe tinga, drikk av ferda og dogga». Også i denne samlinga er tonen personleg, men det finst òg ein større avstand og distanse her, sidan han trass alt skriv seg opp mot ein annan diktar – uansett kor djupt han har trengt inn i diktarverda til Nygard.

Kanskje har avstanden vore bra for Skjetne, for på fleire måtar tykkjer eg at forma er meir stilrein og gjennomarbeidd enn i Alt som skranglar, og sjølve opplegget og grunnideen er i høgste grad ambisiøs. Reint poetisk når han nok høgre i Liv, eg har drukke. Sjølv om han skriv seg opp mot Nygard, er det mest i det ytre; for røysta til Skjetne ber klårt gjennom alle dikta.

«Kvardagen spelar ei mykje større rolle hjå Skjetne enn hjå Nygard.»

Kvardagen

Diktinga til Skjetne er djupt menneskeleg innstilt, sjølve antitesen til avhumaniseringa av kunsten som José Ortega y Gasset diagnostiserer i essayet som på bokmål heiter Kunsten bort fra det menneskelige. Hovudmotsetnaden mellom Skjetne og Nygard er nok at kvardagen spelar ei mykje større rolle hjå Skjetne.

Nygard stod ved det heilage, medan Skjetne lik Olav H. Hauge har funne ut at «det gjeng an å leva/ i kvardagen òg». Skjetne posisjonerer seg soleis: «Pløyer ny jord, sår med nye ord/ og gamle teigar blir liggjande brakke./ Ein kan snart ikkje sjå dei for skogen,/ der blomane og insekta heller ikkje lenger/ heiter det same».

Kanskje er det feil å kalle diktsamlinga eit eksperiment, men i alle høve er det eit vellukka eksperiment.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis