JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Litt mykje på tallerkenen

Sjølv om vi er på ei kulinarisk reise, er ikkje dette heilt min kopp te.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3518
20240405
3518
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Roman

Runa Skjeldal:

Kalk og fuktig sol

Oktober

Runa Skjeldals andre roman, Kalk og fuktig sol, har noko på hjartet, og mykje språkvilje. Det betyr ikkje at han treffer meg.

Anja er kjøkensjef på restauranten Nattergal i Avignon. Ho blir saman med dessertkokken Gösta. Dei lever sitt liv heime, ute og på jobb. Dei har begge eit uavklart erotisk forhold til andre personar i notid og fortid. Anja ser ofte, lett traumatisert, tilbake på studietida i Italia, der ho budde hos ein vertsfamilie som ikkje alltid var noko å rope hurra for.

Dette bakteppet er jo eksotisk for ein norsk roman. Det som stenger meg ute frå han, er ikkje dette, men element eg oppfattar som noko oppstylta. Som ordstillinga, som er framtung med sine substantiviske ledd først: «Tertene Gösta hadde forberedt kvelden i forveien, var pratsomme, fortalte hvor søt han hadde vært, hvordan Gösta elta og knadde, dynga dem i sukker, gjorde dem vaniljekremgule.» «Markert i kveldens partitur med pausetegn lot vi en takt være tom og stum.» Nokre gongar er setninga så komprimert at ho er overfylt: «Vannpytter lå i steintrappas ujevnheter, sollyset reflekterte såpevannets oljete regnbuer.» Det er fint med fortetting og poetiske vendingar, men når ein heil roman er basert på dette språklege uttrykket, blir det tungt å ta seg inn i materien.

Eit unntak er breva Anja skriv til venen Martin. I byrjinga er breva banale, handlar mest om Anja og Martins eige venskap og korleis det blei til. Men etter kvart er det breva som skal gi lesaren ein språkleg inngang til kva som eigentleg har skjedd – sjangeren er ganske enkelt meir tilgjengeleg.

«Då er eg meir imponert over dei heite sexskildringane.»

Innforstått?

Bildebruken kunne til tider vore meir gjennomtenkt: «En strime mørkbrent kaffe rant nedover ved han­ken, inntørka som skogsbekken hjemme om våren.» Ein inntørka bekk renn ikkje! «Alle koppene sto i oppvask­maskina, klirringa minna om miniskjørt og blonde­ truser.» Korleis kan oppvaskmaskinklirring minne om miniskjørt og blonde truser? Det er som om iveren etter å skape originale bilde overtrumfar logikken og konsistensen.

Det er vel ei snobbete innvending å påpeike romanpersonars kulturelle og kunstnariske (p)referansar. Men dei er påfallande like: Både Anja og Gösta skriv poesi og skjønnlitteratur, ein kollega av dei er skodespelar, mora til Gösta er operasongar, og med unntak av eit par korte hint til Britney Spears og Spice Girls i romanen, refererer Anja og Gösta utelukkande til klassisk musikk, målarar, tenkarar og mytar.

Det er ikkje det at eg ikkje unner karakterane dette miljøet, denne kunnskapen, eller at eg ikkje trur på det, men så einsidig som det er sett fram, forsterkar det inntrykket av eit litterært univers som gjer seg litt utilgjengeleg. At romanen flottar seg, på eit vis.

Dampkjøken

Då er eg meir imponert over dei heite sexskildringane. Her flottar ikkje romanen seg, men blottar seg. Det er ein kunst å få erotiske scener til å fungere (i litteraturen, altså). Det dampar også ofte av skildringane av mat, mattillaging, av kjøken- og restaurantlivet. Til sist synest eg Runa Skjeldal er best når ho ikkje prøver så hardt, som her, når avstanden og tidsforskjellen mellom stader i verda på fint vis får seie noko om noko heilt anna: «Over Atlanterhavet var det morgen, og jeg misunte dem at ingenting ennå var sagt.»

Ingvild Bræin 

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje
Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim
Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis