Krysseld av språk, liv og kropp
Dikta til den danske debutanten Amina Elmi er fylte av både energi og sorg.
Amina Elmi fekk Bogforums debutantpris for diktsamlinga frå i fjor.
Foto: Sara Galbiati / Gyldendal
Dikt
Amina Elmi:
Barbar [Taushetens objekt]
Gjendikta frå dansk av Tina Åmodt
Bonnier Norsk Forlag, 2023
Dansk-somaliske Amina Elmi brakdebuterte med diktboka Barbar [Taushetens objekt] i fjor og hausta mange gode kritikkar i dansk presse. No er boka gjendikta til norsk av Tina Åmodt. Gjennom dikta og boka strøymer mange motiv og tematikkar. Det handlar mellom anna om ein død far, om brør, om heim, likekjønna kjærleik, eksil, heimløyse, framandgjering og identitet.
Samansett
Tekstane er like varierte i form og stil som emna dei tek opp i seg. Ein vert møtt av alt frå gateharde onelinerar proppa med freidig futt til slyngande og pur lengtande kjærleikspoesi. Tidvis vert gloser og språk på norsk og somali rista i hop, og referansane spenner frå førislamske mytar, Shakespeare, den palestinske poeten Darwish til rapparen Tupac, for å nemne nokre.
Heilskapsinntrykket er altså samansett. Diktaren freistar frenetisk å føye saman dei motsetnadsfylte betane og brokkane til ein skjør heilskap, ein mosaikk, eit språk, ein heimstad. Det stilistiske mangfaldet set verkeleg i scene kjensla av noko rastlaust: «nomadegenet pumper/ rundt i diktningen/ vi bygger hjem/ forlater det igjen».
Dikta til Elmi faldar ut aktuelle sosiale og eksistensielle problemstillingar og syner korleis forholdet mellom teiing og verbalisering vert akutt, korleis alt ser ut til å gravitere og peike mot kroppen og kroppane: «da jeg møtte søster din for første gang, sa hun miisan yeelo,/ legg på deg. Jeg lurer på om det var en måte å si: ‘skaff deg en kropp/ som kan være der for deg når verden ikke kan’».
Poetiske utsegner
Kanskje er dei første av dei fire delane boka er inndelt i, meir prega av poetiske utsegner, sorg og lengt: «Kom og bo i pusten min/ et håndtrykk eksisterer lenge etter/ hendene har forlatt hverandre/ jeg spør deg hvordan du ville ha innredet/ hjemmet mitt». Energien og trykket vert sterkare mot slutten, i den fjerde og siste akta. Diktaren er mellom anna oppteken av korleis tekstane vert lesne og oppfatta i ålmenta: «et vitnesbyrd/ faen jeg hater ordet vitnesbyrd/ la oss kalle det et kampskrift/ fy faen det ordet hater jeg enda mer».
Nett denne vekslinga mellom eit ekspressivt og meir kontemplativt temperament synest eg er eit stort pluss ved denne diktboka. Det gir ho liv, puls og eit alvor: Noko lèt seg ikkje avklare, nokre motsetnader og konfliktar er rett og slett vanskelege å handtere. Også poesien blir ridd av desse konfliktane: «et dikt trenger ikke å redde verden/ det skal kun forene det faktum at det ønsker det/ med det faktum at det ikke kan».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta til Amina Elmi faldar ut aktuelle sosiale og eksistensielle problemstillingar.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.