I det mellombelse
Som gartnar er Mari Ulset flink med frukt og grønt og ulike krydder. Det blir det litteratur av.
Mari Ulset debuterte i 2011 og har no skrive roman nummer fire.
Foto: Thor Brødreskift
Roman
Mari Ulset:
Delte opplevelser
Oktober
Mari Ulset starta forfattarskapet sitt i det nære og kjente med to romanar (Biltur i 2011 og Juni, juli, august i 2014) med handling lagd til dei traktene ho sjølv kjem frå, Nordvestlandet. Med nennsam hand skildrar ho i det ytre stilleståande kvinneliv der lengten etter forandring formar kvardagen: at noko skal hende, at nokon skal komme. Slik skaper ho eit undertrykk og eit sug i tekstane sine.
I den tredje romanen, Slik lever vi her frå 2016 har ho flytta frå bygdeliv til byliv, frå immaterielle verdiar til overflatisk materialisme, frå psykologisk realisme til ironisk distanse, og i årets bok følgjer ho den same tematikken i skildringa av kjendiskokken Andrea Bang.
Sjølvopptatt
Andrea Bangs liv som kokebokforfattar, trendsetjar og A-kjendis har forma eit sjølvbilde heilt ute av proporsjonar der det oppstår ein komisk distanse mellom den ho ønskjer å vere, og den ho faktisk er, noko omverda ser, men som Andrea ikkje får med seg. Ho verkar fordomsfull, overflatisk, jålete, sjølvopptatt og grunnleggjande usikker og sårbar i møte med realitetane. Overgangen frå eit liv som merkevare til eit alminneleg kvardagsliv er ikkje lett å ta inn over seg.
Ho hadde si store tid i TV, i vekeblad og i bestseljarlistene på 1980- og tidleg på 1990-talet. Ti år seinare, i 2003, er ho konsulent i Opplysningskontoret for frukt og grønt, noko ho ser på som mellombels mens ho ventar på at noko skal hende, nokon skal komme, og plutseleg får ho sjansen til å reise seg igjen etter det store fallet da ho blei avslørt for juks og plagiat i den siste kokeboka. Forlaget tar kontakt og vil gjerne markere 60-årsdagen hennar med ei samling av Andreas beste oppskrifter.
Ironisk distanse
Så er ho i gang igjen med ny energi. Ho tar kontakt med folk som forsvann da skuldingane om plagiat felte henne, ho kontaktar eksmannen og døtrene, ekskjærasten Frank, fotografen og elskaren Daniel, den gamle redaktøren Åsa, som viser seg å vere død, og det ho drøymer om, er å feire den nye boka med ein storslått middag, men det går ikkje heilt hennar veg. Ho held fram med å vere i det mellombelse, og det er den erkjenninga ho til slutt tar inn over seg.
Under lesinga kom eg til å tenkje på Kristine Næss’ siste roman frå 2018, Mens jeg husker det, om den middelaldrande Ingeborg som skreiv ein nyskapande roman for ti år sidan, men som etterpå har levd i det mellombelse mens ho drøymer om ei doktoravhandling i idéhistorie. Ho planlegg også ein storslått middag, og sjølv om det er to ulike og på kvar sin måte flotte romanar med nokre tangeringar, fortel dei begge med ironisk distanse om misforholdet mellom draum og realitet. Eg tilrår gjerne begge to!
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Overgangen frå eit liv som merkevare til eit alminneleg kvardagsliv er ikkje lett å ta inn over seg.
Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.