Essaykunst i daudvinkelen
Morten Søberg fornyar den kritiske funksjonen til essayet.
Tidlegare statssekretær i Finansdepartementet, Morten Søberg, har skrive eit essay om oljepengar og Grunnlova.
ESSAY
Morten Søberg:
Ekofisk, Eidsvoll.
Eit essay om oljepengar og grunnlova.
Det Norske Samlaget
Dette er ei av dei mest overraskande, tiltalande og lærerike essaybøker eg har lese. Morten Søberg, tidlegare statssekretær i Finansdepartementet, tek for seg kan hende eitt av dei mest prosaiske og innfløkte spørsmåla vi kan tenkje oss, især etter dei mange merkelege debattane vi såg for tre år sidan, om modernisering av språket i Grunnlova.
Dette er eigentleg eit heilt umogleg tema; det impliserer drøftingane om statsfinansar på Eidsvoll i 1814, soga om Statens Reservefond, grunnlaget for Oljefondet og rolla til Grunnlova i finanspolitikken. Men måten Søberg taklar desse innfløkte spørsmåla på, opnar dei og skaper stor essaykunst.
Spørsmålet Søberg trekkjer ut av daudvinkelen med skriftet sitt, er korleis ein kan unngå at pengetrengde Storting lèt seg lokke av sirenesongen og bruke opp finansformuen vår – Oljefondet. Kan fondet tryggast i all æve, og kva rolle kan Grunnlova spele? Som Søberg påviser, har problemet stått ope og utan gode svar sidan Statens Reservefond (skipa 1911, oppheva 1952) slutta å vere grunnlovsfesta i 1925.
Flyttar tanken
Søberg fornyar essayets kritiske funksjon. Dette er ikkje nokon pamflett, eit rop i øydemarka, men ei integrering av finanspolitiske spørsmål i ein kulturell refleksjon – ei omsnuing av mangt av det lesaren tenkte før boka vart opna. Dei mange reisene – i historia som i geografien – er tankeutvidande døme, der gamle innsikter får ny aktualitet. Frå rusleturar til galleriet i Stortinget og reiser til fjerne og nærare strok. Når Søberg flyttar på seg, flyttar tankane våre på seg. Til New York og Weehawken – «ei geografisk avgrensa blindsone der lova tilsynelatande ikkje galdt» (s.24). Der fanst ein gong duellanten Alexander Hamilton – ein viktig Founding Father, oppvaksen på den då danske øya St. Croix, i byen Christiansted.
Den fargerike soga om Hamilton, også emne for ein Broadway-musikal, dreiar seg kring framlegga hans om å få stell på dei amerikanske statsfinansane. Dette arbeidet medførte ei mengd essay i The Federalist Papers, som er rekna som del av eit rettskjeldegrunnlag – eller i det minste kulturell bakgrunn – for den amerikanske forfatninga, som også inspirerte den norske, som no er den eldste europeiske forfatninga som har vore i bruk sidan starten, sjølv om ho er brigda 300 gonger.
Etter samantråkling av trådane til opprettinga og utvikla av Oljefondet, og samanlikning med det gamle Statens Reservefond, hamnar vi inne i familiesoga til Søberg: hjå ein av stamfedrane, Nicolaus von Baumann i Stralsund (1618–1695). Baumann lånte ein stor formue til den svenske staten, som så ikkje kunne eller ville betale attende, og som dermed sjølv vart eit døme på kva som skjer når staten er insolvent eller altså ikkje har kontroll med inntekter og utgifter.
Frampeik og retrospekt
Bokessayet liknar litt på eit Fosse-drama i frampeik og retrospekt, der tidsrekkjene vik for ei djupare forståing av kva det er for bindingar historia har gjeve oss, og kva for frirom vi så har. Dømesogene tilfører alle forståinga vår av kva for eit forvaltningsansvar Staten har. Stortinget burde ikkje lite på seg sjølv heilt og fullt i forvaltninga av Oljefondet, men leggje på seg bindingar – og såleis gjere handlingsregelen til ein fleksibel, men tydeleg del av Grunnlova.
Mottoet for boka er ein passus frå den offentleg støtta utgåva til Arne Garborg (på midlandsmål) av Homers Odyssevskvædet (1918): Ein skal sikre seg mot sirenesongen, og om du aldri så mykje bed felagane dine om å få sleppe fri frå banda, «heller dei fastare daa med fleire reip maa deg binde». Heile boka er ei utfordrande påminning, til våre folkevalde og oss sjølve, om at vi er ute på ein odyssé der vi ikkje kan overskode alle farar og nye utfordringar, og at vi heller er føre var enn at vi lèt oss rive med av straumar i tida.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei mange reisene – i historia som i geografien – er tankeutvidande døme, der gamle innsikter får ny aktualitet.
Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.