JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Espen Haavardsholm har skrive eit fint portrett av eit menneske og ein epoke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Espen Haavardsholm flettar saman viktige historiske og personlege hendingar.

Foto: Finn Ståle Felberg

3609
20190816
3609
20190816

Roman

Espen
Haavardsholm:

Fra nå av kan alt skje

Oktober

«Auch ich war in Arkadien geboren», skreiv Schiller, noko han i grunnen ikkje var åleine om. Kvar og ein kjem frå si eiga uskuld, no som før, men dette paradiset ligg høgt, og lagnaden er som vatn, han finn alltid fall. Det strøymde ei elv or Eden, seier skriftordet, ho delte seg i fire, og ei av dei fire elvane var Gihon. Hovudpersonen i den nye romanen til Espen Haavardsholm, Katrin Li, fekk dette dekknamnet, Gihon, i venninnekrinsen, der dei lukkelegvis var fire og kunne ta namn etter kvar si elv.

Livsfasar

Me møter Katrin i mange livsfasar i denne romanen, som har ei privat familiesoge som modell og føresetnad. Forfattaren skriv i eit kort føreord at han har dikta ganske fritt om livet til mor si, som, etter det eg trur eg veit, men ikkje veit om eg berre trur, var dotter til Martin Linge. Linge vert omtala, men ikkje nemnd ved namn i boka.

Katrin rann fort or paradiset og inn i ein heller opprivande familiesituasjon, der konfliktane med mora var mangfaldige. Få heldt tann for tunge når det var noko, det var langt mellom fikenblada og kort mellom øyrefikane, og fredsduene og olivengreinene såg ein lite til. Slike eigenskapar går tidt i arv, og i boka kjem dei sterkast til uttrykk i personlegdomen til den eldste sonen til Katrin, ein kar som nok står forfattaren nær. Han har inga fortid i diplomatiet, og inga framtid der heller. Han ringjer til mora no og då, kallar henne ved namn, i tillegg til somme mindre flatterande synonym, gjerne frå dyreriket, til dømes ål. Men han tregar på bråsinnet sitt, i det minste no og då.

Boka er engasjerande og interessant, ein får sjå forvitnelege tidsbilete frå Noreg gjennom fleire tiår, når Katrin leitar etter fortida si, eller analyserer henne, via nokre dagbøker og gamle bilete. Ho utdanna seg i si tid til lege, men i notidsperspektivet, som ligg i byrjinga av 2000-talet, er ho busett på eit eldresenter, der ho tek seg fram ved hjelp av ein stolscooter. Livet hennar har vore interessant og rikt, og ho har møtt mange spennande personar som har utmerkt seg i nyare norsk historie, frå Helge Krog til Nic Waal, og til og med Haakon VII.

Gripande

Men meir enn dette vert lesaren gripen av det små og kvardagslege, som gjer Katrin relevant og plausibel, som når ho står framfor spegelen på badet og skjuler «arrmerkene etter at den venstre tårekanalen for noen år siden ble kreftoperert på Radiumhospitalet i Oslo, hvor legene for sikkerhets skyld ville fjerne hele øyet hennes, noe hun satte seg bestemt imot; hun ønsket ikke å få et glassøye som barnebarna hennes kunne komme til å bli skremt av».

Katrin opplever nok seg sjølv som mild, engsteleg og varsam, og i boka er det ofte slik ho kjem til syne for lesaren også, men no og då får me ei aning av andre sider ved personlegdomen. Ho er litt av ein skodespelar, ho kjem med inderlege, men ikkje heilt truverdige kjærleikserklæringar til den iltre eldstesonen, og stundom er ho både steil og kvass. Forfattaren har såleis fått til å portrettera Katrin tredimensjonalt, og både på inn- og utsida. Valet av perspektiv er smart, og speglinga av hovudpersonen hendingane sonen konfronterer henne med, gjer at ein får eit stereobilete av somme viktige hendingar, og forfattaren er endåtil fri nok til å vera tett på henne i skrifta, heilt til det aller siste, då du radt skal sjå ho fløymde inn att i paradiset.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattaren har såleis fått til å portrettera Katrin tredimensjonalt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis