JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Døden er ein del av ordninga

Med varme og raseri skildrar Asta Olivia Nordenhof livet til dei mest utsette.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Asta Olivia Nordenhof er ein prislønt dansk forfattar.

Foto: Albert Madsen

3704
20210226
3704
20210226

Roman

Asta Olivia Nordenhof:

Penger på lomma

Scandinavian Star. Del 1
Omsett av Trude Marstein
Oktober

Menneske som står nedst på den sosiale rangstigen, kan vere krevjande å skildre med truverd i skjønnlitteraturen fordi så få forfattarar verkeleg kjenner livet til dei mest utsette. Empatien kan nok vere der, og medvitet om urettferdige sosiale strukturar, men det heile blir ofte fortalt ovanfrå og utvendig.

Danske Asta Oliva Nordenhof går ikkje i den fella. I forteljinga om Kurt og Maggie, hovudpersonane i Penger på lomma, står ho i same ansiktshøgd som karakterane sine, og fortel om dei med ein varme så stor at det svir i auga på den som les.

Forfattaren planlegg eit sjubandsverk knytt til Scandinavian Star-katastrofen. Skipet gjekk mellom Oslo og Frederikshavn, og i 1990 omkom 159 menneske om bord i ein mordbrann. Brannen er eit bakteppe og eit omdreiingspunkt for den fiktive handlinga, men blir også omtalt direkte i eit ganske langt parti litt uti boka, i ein kritisk saktekst om selskapa som åtte skipet. Dette første bandet har gitt Nordenhof, som frå før har utgitt ein roman og ei diktsamling, gjennombrot som forfattar og fleire prisar.

Kapitalismekritikk

Kurt og Maggie er på notidsplanet i romanen, i 1990, eit tilårskome ektepar. Det er lenge sidan dei har levd godt saman. I ei mengd korte og litt lengre tilbakeblikk rullar Nordenhof ut livssogene deira og korleis dei har hamna der dei er no. Båe kom frå stader der det ikkje var godt å vekse opp, og har store sjelelege sår. Ei valdtekt då Maggie var fjorten, sette ho på ein kurs som blir bestemmande for livet. Men også Kurt må ein periode selje seg for å livnære seg sjølv og eit barn. Dei to var forelska ein gong, men no er samlivet prega av sinne og avstand. Dei har ei vaksen dotter, ho er lyspunktet, ho klarar seg bra.

Synsvinkelen vekslar mellom Kurt og Maggie, mest i tredje person, men for å gå endå nærare på desse menneska brukar forfattaren også eg-forteljing i nokre kapittel. Romanen er kompleks og samansett, men ikkje meir enn at det går greitt å følgje, og forma gjer at tematikken blir lyssett frå mange hald.

Nordenhof kjem også inn med direkte politiske kommentarar: «Døden er ikke en feil. (…) Noen og noe kan bli nødt til å dø for at andre skal kunne vinne. (…) For å legge til, må man trekke fra et annet sted. Kapitalismen er en massakre.»

Pengar og korleis dei styrer oss, anten vi har dei eller manglar dei – eller ønskjer oss meir av dei, er navet som det heile dreiar rundt.

Stram stil

Nordenhofs skrift er stilsikker og stram som ein pisk, anten det er kapitalismekritikk eller såre kjærleiksskildringar ho smell til med. Dei sterkaste partia er der vi er tett på Kurt og Maggie. I bøker med hyppig synsvinkelskifte kjenner ofte lesaren at det er den eine forteljinga som gjer mest inntrykk. Kapitla der stemma til den andre – eller dei andre – slepp til, blir fort transportetappar. Slik er det ikkje her, Kurt og Maggie er likeverdige og like relevante for forteljinga – like gode eller «dårlege» menneske, like uheldige og utsette, like fulle av kjærleik, raseri, skuld og skam.

Boka er ikkje stor i omfang, 170 sider, men får sagt så mykje, både på eit psykologisk, sosiologisk og ikkje minst politisk plan.

Sju band knytte til mordbrannen på Scandinavian Star? Det er ambisiøst. Men om Nordenhof greier å halde dette høge nivået, varslar Penger på lomma om eit nytt storverk i nordisk litteratur.

Trude Marsteins omsetjing er botnsolid.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nordenhofs skrift er stilsikker og stram som ein pisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis