Det som står att etter deg
Stødig roman om det som tykkjest viktig for mennesket.
Morten Bjerga debuterte i 1990. Romanen som kom ut i haust, er den tredje han har skrive.
Foto: Grete Hetland / Samlaget
Roman
Morten Bjerga:
Lars O. Bru og havet
Samlaget
Andsynes æva vert mannelivet meiningslaust, men for den einskilde kjennest det viktig å prova at ein har gjort ein skilnad i verda, helst til det gode. Ein stad i Rogaland i mai 1949 sit såleis den snart åtti år gamle Lars O. Bru og skriv ned slikt han hugsar frå livet sitt som fiskar, småbonde og handelsmann i skiftande tider. Han bur i lag med ei av døtrene sine, Elen Malena, som snart er femti år gamal og framleis ugift, noko han har dårleg samvit for. Han ottast at han har laga uturvande hindringar for henne. Han meiner dessutan at han var ein Kain mot broren og den beste kameraten sin, Børre.
To nivå
Morten Bjerga har med Lars O. Bru og havet skrive ein roman med to parallelle og ulike stilnivå, det eine ein romantekst som for det meste ligg tett på hovudpersonen Lars O. Bru, den andre utdrag frå det den same mannen skriv, memoarar knytte til den praktiske delen av livet. Denne delen av boka er slåande autentisk og minner om slikt ein kan finna i slektsbøker, der ein godt vaksen person med klårt minne og sans for fakta skriv detaljert om aktivitetar i farne tider. Tekstar av det slaget er ofte forvitneleg lesnad. Forfattaren tenkjer ikkje på seg sjølv som diktar, men som ein protokollførar, og går til arbeidet med alvor og høgtideleg mine: Alle må vera stille, for no skal han far / ho mor skriva soga si.
Eg reknar med at Bjerga har nytta ein eksisterande memoartekst til dei avsnitta der Lars O. Bru skriv om fiske av ymse slag: om båtar han sette motor i, om frakt av poteter til Austlandet og mykje anna. Dersom han ikkje har lånt desse tekstane, men dikta dei opp sjølv, lyt eg sitera den ufriviljuge stuntpoeten Heidi Weng med desse orda: Eg bøyer meg i hatten.
Skarp kontrast
No skortar det ikkje på presisjonen i resten av boka heller, men ho er skriven med eit tydeleg skjønnlitterært mål og handlar i mangt om det som elles er usynleg for verda, nemleg det indre livet. Såleis kommenterer romanen det faktiske, og fyller ut der memoarane er knusktørre og nøkterne, somme tider slik at det vert ein skarp kontrast. Lars O. Bru skriv mellom anna, eller kan hende berre, for å finna det som står att etter han, men han skriv ikkje det han tenkjer, berre slikt han hugsar, det absolutt konkrete og etterrettelege. Resten, til dømes nokre ryggtak med Gud, og gruvling over om han har gjort det rette og vore eit godt menneske, kjem aldri fram i det han skriv. Han går altså til skrivearbeidet med dei beste intensjonane, men som person vert han borte bak alle detaljane.
Boka drøfter ikkje dette, men lesaren vert merksam på fenomenet og lurer på om det ikkje hadde vore betre for Lars O. Bru om han freista å skriva subjektivt om livet sitt, og ikkje streva for å oppfylla eit ideal om objektivitet. No nemner han aldri eit slikt ideal, men det er tydeleg å lesa i dei interessante, faktabaserte tekstbolkane. Nokre gonger prøver han å få Elen Malena i tale, det er eitkvart han vil snakka med henne om, men han kjem ikkje på anna enn å be om tilgjeving av di han stod i vegen for henne. I dette finn eg det beste av skjønnlitterær kvalitet i romanen. Lars O. Bru skriv så godt han kan, akkurat slik det var. Han teiknar eit figurativt portrett av tida si, med fotografisk grannsemd, men det indre kaoset, som han då truleg anar tydelegare enn nokon gong, kjem ikkje med i biletet.
Lars O. Bru og havet er kort og godt ein god og stilsikker roman.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lars O. Bru og havet er kort og godt ein god og stil-sikker roman.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.