JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den stille båten

Fosse held fram med å skrive lysande prosa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jon Fosse er forfattar, dramatikar og omsetjar.

Foto: Tom A. Kolstad

3769
20201113
3769
20201113

Roman

Jon Fosse:

Septologien, III–V

Samlaget

Din stille båt

har ikkje namn.

Din stille båt

har ikkje hamn.

Din gøymde båt ved land.

Slik står det i diktet «Båten ved land» av Tarjei Vesaas. Den korte strofa har både motiv og tema som ein kan finne att i dei tre delane av Septologien som no er ute, nummer tre, fire og fem. Fosses hovudperson, kunstnaren Asle, målar mellom anna stille båtar (sjølv om dei ikkje kan sjåast som båtar på lerretet, han målar abstrakt). Han er opptatt av «den stille gøymda i alt som er», det som kanskje berre syner seg hos Gud. Temaet namn, altså identitet, er også heilt sentralt i verket.

Apropos namn, kva skal ein kalle desse bøkene, er det ein roman i fleire delar, eller er det kanskje heller ein symfoni? Fosses prosa har vel så mykje til felles med musikk og biletkunst som med litteratur. Fargar, bilete og symbol går igjen og igjen i nye variasjonar, stig og fell i ei bølgjelik rørsle. Slike bølgjer – vakre og meiningsfulle kvar for seg – var også den førre boka fulle av, men repetisjonane vart der til tider litt påtrengande og ikkje minst utfordrande for tolmodet til lesaren. Fosse har denne gongen dessutan kutta ned på alle dei innskotne «dei seier» og «det heiter». Resultatet er ei endå betre tekst som kjennest mindre stilleståande og med ei klårare retning. Lesinga glid jamt av stad, som – ja, kvifor ikkje – ein stille båt på ein roleg fjord. Innimellom tar handlinga eit lite kast, før båten/teksta på ny glid vidare. Det er ikkje tilfeldig, skrivaren har peila seg ut eit méd, ei sikteline, nett slik Asle gjer når han sit i stova si og ser ut glaset på sjøen.

Den inste lengsla

Den særeigne stilen som blandar notid og fortid utan skarpe kantar, er òg på plass og kjennest om mogleg endå meir saumlaus enn før. Det handlar framleis om kunstnaren Asle som bur på Dylgja, handlinga tar til akkurat der den førre boka slutta, både på notidsplanet og i fortida. Asle har vore i Bjørgvin med bileta sine, heime att pratar han med naboen og steller med hunden. Den andre Aslen, her kalla «Namnen», ligg ille medfaren på sjukehuset etter at hovudperson-Asle berga han frå å fryse i hel etter ei fyllekule i førre bok. Dobbeltgjengarmotivet er fullt til stades, og verkar kanskje endå meir mystisk. På notidsplanet har «Namnen» likevel ei mindre rolle, sidan han er sett ut av spel. I fortida er han der, i ungdomstida til Asle.

I tilbakeblikka er det nettopp den vi får vite meir om: Korleis Asle støtt var i opposisjon til mora, korleis han slutta med det meste – også skule – for å gjere det han kjende var det einaste han kunne og ville: måle. Mot slutten les vi korleis det gjekk til då han møtte ho som blir den livslange kjærasten, Ales.

Eit nærverande fråvær

I den førre boka var uttrykket «det lysande mørkeret» noko som teksta stadig kom attende til, her er det «det nærverande fråværet». I båe tilfelle er det tale om kunst, om Gud og tru, om alt dette vesentlege som ikkje kan setjast på formel, ikkje eigentleg kan talast om i det heile: «det er ikkje råd å setja ord på kva eit godt bilete seier (…) som om noko usynleg vert synleg og at det framleis vert verande usynleg, at det framleis er løynt, vert verande ein løyndom». Alle desse paradoksa og motsetnadene gjer teksta open og løyndomsfull på same tid, noko som i seg sjølv jo er eit paradoks.

På ny har Fosse forma eit skriftstykke som prøver å seie noko om det som kanskje berre kunsten kan seie noko om: grunnvilkåra i eit liv, kva mennesket inst inne treng og lengtar etter. Eg tykkjer det er heilt vedunderleg prosa.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fosses prosa har vel så mykje til felles med musikk og biletkunst som med litteratur.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis