JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Avstemd krise

Av og til tyder «triviallitteratur» berre at litteraturen er triviell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Audur Ava Ólafsdóttir, som er utdanna kunsthistorikar frå Sorbonne i Paris, er ein av dei mest kjende forfattarane på Island.

Foto: Anton Brink

3525
20230120
3525
20230120

Roman

Audur Ava Ólafsdóttir:

Svaner blir ikke skilt

Oversatt av Tone Myklebost
Pax forlag

Det kan nok vere livsomveltande å vere kona til ein mann som etter elleve år flyttar for å vere saman med ein mann. Når ein i tillegg bli oppsøkt av far sin som ein aldri har møtt, og uventa arvar eigedom, skulle ein tru det var meir enn nok til å få hakeslepp. Men i Audur Ava Ólafsdóttirs Svaner blir ikke skilt verkar sjølv dette trivielt.

Forfattaren er ein kritikarrost lesaryndling, og ho har mottatt fleire prisar, blant desse Nordisk råds litteraturpris for 2018. Kva er det som gjer at årets roman ikkje snakkar til meg? Dels kjem det av mangelen på konflikt. Maria og mannen Flóki har ikkje eitt problem i verda, dei snakkar godt saman og har eit utmerkt sexliv. Når han forlét henne for ein mann, verkar det dermed uforståeleg, ja, kanskje unødvendig. Sjølv tar ho brotet med stoisk ro. Det vil seie: Ho hevdar at ho er på randa av eit samanbrot, men ho framstår som ei som kan brette opp ermene og finne nye krefter når som helst.

Er det fordi alt er så vanleg, at Ólafsdóttir må gjere nabokona Perla til kortvaksen, matvrak, terapeut og ghostwriter av krimromanar? Må ho bere alt spektakulært i romanen? Og/eller er det grunnen til at kvart kapittel begynner med store bokstavar sett opp som i eit dikt (utan å ha lyriske kvalitetar)?

NÅR DE ER

GÅTT,

BEGYNNER JEG

MED Å GÅ I

butikken og kjøpe maling.

Lite originalt

Det herskar ei umotivert veksling mellom preteritum og presens, det er ofte uklart kven som har ordet i replikkvekslingar, og å la ein ramn vere det tilbakevendande, innvarslande gufset, må vel no ha gått ettertrykkeleg over i klisjéhandboka. Litt for gjennomsiktig er også dobbeltgjengarmotivet – eit anna velbrukt grep i litteraturen. Flókis mann heiter også Flóki. To andre naboar i romanen heiter begge Albert. Maria og Flóki har eit tvillingpar på to og eit halvt år. Går det ikkje an å lage eigne bilde? Er alle brukte opp?

Ei setning som inneheld noko av den bitre erkjenninga ved eit samlivsbrot, og dermed litt temperatur, er denne: «Og så begynner enda en søvnløs natt i sengen alene med alle mine kvinnelige former som mannen min ikke lenger er interessert i.»

Eit sanseleg bilde er dette (med unntak av at «bilen» blir gjentatt, og at fuglar blandar seg inn igjen): «Når jeg nærmer meg det høyeste punktet på høyfjellet, slår en mørk snøbyge mot bilen, det er som om vingen til en for lengst utdødd kjempefugl legger seg over bilen (…)». Men så held setninga fram med «er som å være pakket inn i bobleplast», og der ramla eg av igjen, like ned i det flate, umusikalske. Det er dessutan ein total mangel på konsistens mellom dei to bilda. Ólafsdóttir må nesten bestemme seg: Liknar snøvêret ein utdøydd fugl eller bobleplast?

Tittelbommert?

Rutinerte Tone Myklebost står for ei stødig omsetjing frå islandsk. Men eg stussar over tittelen. For det første opplever eg han som sentimental og «dameroman»-aktig. Eg tenkte òg at det var noko stylta og passivt med dette «blir» i Svaner blir ikke skilt. Ville det ikkje vore betre med «Svaner skiller seg ikke»? Då eg såg at originaltittelen ikkje speler på svaner i det heile, men heiter Undantekningin, som betyr «unntaket», blei eg stygt redd for at eg var blitt snytt for ein tittel som kunne kasta eit heilt anna lys over innhaldet i romanen enn den norske tittelen gjer.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis