JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Arkivet: Vince Guaraldi

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vince Guaraldi (t.v.), Bernard Bragg og Don Freeman i eit fjernsynsstudio i 1961.

Foto via Wikipedia

1226
20220909
1226
20220909

For fleire i min generasjon er dei første møta med teiknefilmane om Knøttene, baserte på teikneseriane til Charles M. Schulz, gode minne frå unge år. Når ein tenkjer tilbake på stundene framfor skjermen, er dei uløyseleg knytte til musikken og lydsporet. Bak tonane stod jazzpianisten Vince Guaraldi (1928–1976), og med nye It’s The Great Pumpkin, Charlie Brown har vi fått den beste utgåva som samlar denne musikken så langt. Når «Snoopy And The Leaf» fyller rommet, er det ikkje til å kome forbi at ein vert mint på kor kul den hunden eigentleg var, idet lyden av fløyta til Ronald Lang fører oss strake vegen til det vesle hundehuset og alt som omgir det, i Schultz’ univers.

Det var visst Lee Mendelson som fann på å hente inn Guaraldi til dette arbeidet, ein gong han var på radioen då TV-produsenten køyrde over Golden Gate-brua i San Francisco. Etter kvart som teiknefilmane vart ein internasjonal suksess, vart også Guaraldi ganske rik, men han døydde altfor tidleg, i ein alder av 47 år. Han rakk likevel å introdusere jazzen som sjanger til ei heil rekkje småbarn verda over i løpet av levetida. It’s The Great Pumpkin, Charlie Brown dokumenterer på sitt vis denne innverknaden.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
Siri Helle

«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.

Foto: Paula Winkler

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis