JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Anekdotar frå eit flokete liv

Romanen er laust samanbunde om det kroppslege, kapital og klimaproblem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Odd W. Surén skriv om Kjell Idar Holter som hoppar fram og tilbake i eiga livshistorie.

Foto: Aschehoug

4180
20171110
4180
20171110

Roman

Odd W. Surén:

Krem med et hint av kuruke

Aschehoug, 2017

Nokre gonger blir det påpeikt at det gøymer seg ein god roman i ei novellesamling, men for Odd W. Suréns roman Krem med et hint av kuruke vil eg påstå at det er omvendt. Konstruksjonen kan minne om Thure Erik Lunds bok av året, Identitet. Det er ein sjølvbevisst forteljar ein møter, om enn ikkje like sjølvbiografisk som hos Lund. Forteljaren og protagonisten, den anonyme og middelaldrane mannen Kjell Idar Holter, hoppar fram og tilbake i si eiga livshistorie i dagboksform og kommenterer stadig dei narrative vala sine. Vi får vite at han jobbar i eit lite forlag, så den sjølvbevisste forteljarstemma verkar naturleg for ein som arbeidar med språk. Men den springande og introverte stilen gjer også romanen nokså pratete, i tillegg til at han skapar fleire lause trådar.

Lottogevinst

Ein av dei lause trådane finn vi i første del av romanen. Kjell Idar drøymer om å få ein stor lottogevinst, og han byrjar å skrive på ei bok han kallar «gaveboken». Her listar han opp alle han skal gi pengar til, men motivet bak gåvene er ikkje alltid like edle. Blant anna vil han gi ein sum til den tilsynelatande vellukka broren Joakim og kona hans. Han er overtydd om at dei ser på han som ein tapar, og tenkjer at han kan rokke ved verdsbiletet deira med å avsløre at han er stinn av gryn: «om jeg vant den store gevinsten, og virkelig ga Joakim en stor pengesum, en kilevink av en pengesum, skulle jeg skrive ’fra taperen’ i meldingsfeltet på giroen i nettbanken». Desse passasjane, om korleis samtida legg opp til ei inndeling i vinnarar og taparar, og korleis pengar alltid er lada med betydingar, skulle eg gjerne sett blei utforska vidare, slik til dømes Dag Johan Haugerud gjer så godt i filmen Som du ser meg. I staden stoppar denne spennande historia opp.

Utan at eg skal avsløre for mykje, finn Kjell Idar ut at det ikkje finst nokre enkle løysingar på livsfloka si. Romanen er prega av en rekkje gjentakingar, og ei av desse er eit vers frå Håvamål om ein mann som legg seg, og når han vaknar er alt «flokut som før». Vi får vite at flokane til Kjell Idar er forårsaka av fleire skakande hendingar i fortida. Dessutan er Kjell Idar bekymra for helsa til kloden, noko som blir fletta inn i teksten ved hjelp av referansar til den fiktive forfattaren Anthony C. Hogmanay (som delar namn med ein Black Ladder-general). I tillegg får han bunkar med dikt, ein slags økopoesi, sendt heim til seg av ein anonym forfattar.

Buddhistisk verdssyn

Fellesnemnaren for flokane er at dei står i spennet mellom ein intellektualisering av verda og ein naturtilstand. Kjell Idar lagar ismar for alle erfaringane sine. (Ein av dei mest morosame er oppkalla etter barndomsvenen Ole Aleksander – olealeksandrismen – og handlar om gleda ved å eige noko i staden for å vere glad i sjølve tingen.) Samtidig vert han heilt styrt av dei kroppslege og seksuelle erfaringane sine.

I dikta trer eit nesten buddhistisk verdssyn fram, med strofer som:

Det står ikke skrevet i memoarene:

Oss er et eggeskall

Plommen i egget heter Jeg

Her er JEG! Her er JEG!

Egoet er skjørt, akkurat som egget. Surén får også fram kor flytande grensene er mellom skapningar på jorda. Kjell Idar fortel blant anna at broren måtte gå i band da han var liten, fordi han var så vill, men at bandet på same tid gjorde han villare og meir dyrisk. Det ville gir seg også til kjenne som ein leik i språket, med verselinjer som desse:

Kan Lille Trille trylle

Lille Trille kan

Bare tralle

Kanskje det er meininga at den springande stilen i historieforteljinga skal reflektere denne barnelege leiken med språk og sjølvframstilling, som eit motstykke til dei snevre kategoriane «vinnar» og «tapar», men for denne lesaren blir det heile for anekdotisk. Eg sit igjen med fleire gode idear og forteljingar, men ingen heilstøypt roman.

Birgitte Gustava Røthe Bjørnøy

Birgitte Gustava Røthe Bjørnøy er norsklærar og kritikar.

Sidan Odd W. Surén er fast skribent i Dag og Tid, vert boka hans meld av ein meldar utanfrå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For denne lesaren blir det heile for anekdotisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis