Ambisiøst, men utflytande
Liv Andrea Hauge burde vore hardare med seg sjølv.
Liv Andrea Hauge ensemble.
Foto: Michael Schult Ulriksen
Jazz
Liv
Andrea Hauge:
Hva nå, Ekko?
Ragnhild Moan, vokal; Torstein Lavik Larsen, trompet; Signe Emmeluth, altsaksofon; Liv Andrea Hauge, piano og vokal; Marte Eberson, synth og vokal; Fredrik Luhr Dietrichson, bass; Andreas Winther, trommer.
Odin
Liv Andrea Hauge frå Mosjøen har blitt lagt merke til som pianist i Kongle Trio og Ladybird Orchestra. I 2022 skreiv ho tingingsverket Hva nå, Ekko? til Festspillene Helgeland. Verket blei framført på jazzfestivalane på Hemnes, Kongsberg og i Oslo same sommar. Opptaka er henta frå sistnemnde festival.
Myten om Ekho og Narkissos, slik han blir fortald i Metamorfosar av Ovid, er inspirasjonskjelda til Hauge, og tekstane knyter seg lausleg til mytologien. Musikalsk er det repetisjonane som minner oss om den vanlagnaden Hera påførte Ekho.
Det er eit sterkt ensemble Hauge har samla, og det er ikkje ofte nokon får høve til å framføra eit verk fire gonger i løpet av nokre sommarmånader. Slik sett har Hauge hatt høve til å få maksimalt ut av verket. Det er ein del fine improviserte strekk, mellom anna har Eberson eit herleg synthkor på låten «Everything Will Be Alright», og Hauge har skrive nokre vakre tema. Ho burde likevel teke på seg den tunge børa å stramma inn verket monaleg. Både «Out There, Somewhere» og «Now!» blir for utflytande.
Ho er også ein langt meir interessant komponist enn tekstforfattar, men her er mykje å gleda seg over. Den feiande flotte fanfareprega opninga «I’m Your Echo» og påfølgjande «Follow» med det hypnotisk repeterande pianokompet set ei fin retning for verket, men trass i mange spanande enkeltelement, til dømes den fascinerande tangentintroen på den groovande «All I Changing», har ikkje Hauge det formsikre grepet om verket.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.