JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Alt auget kan sjå

Fjorten nye komposisjonar frå Joe Henry gir plateåret ein lovande start.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Joe Henry har med seg mange framifrå musikarar, skriv Øyvind Vågnes.

Foto: David McClister

3322
20230127
3322
20230127

Americana

Joe Henry:

All the Eye Can See

Ear Music / Playground

Er du god nok, kan du framleis få mangt ut av å utbrodere eit enderim – det bør stå klart for kvar og ein som lyttar til tittelsporet på All the Eye Can See, Joe Henrys sekstande soloalbum. Mannen har alltid vore ein elegant ordsmed, ein av desse som vender og vrir på nokre skarve verseliner, pakkar dei inn med vellyd og leverer dei med ei røyst som skrapar av levt liv, slik at songen summar vidare i deg i timane som følgjer.

Rikt lydbilete

Då Henry vart diagnostisert med prostatakreft i 2019, fekk han melding om at utsiktene var dårlege, men dette er ei av dei historiene der prognosane endra seg. Så, då han likevel forstod at han skulle få halde fram med å lage musikk ei stund til, kom pandemien i vegen.

I periodane med unntakstilstand som følgde, ordna han seg slik at han kunne spele inn heimafrå, og tok til å arbeide med nye songar fortløpande i staden for å la dei liggje og vente til han fann tid, slik han med alle sine arbeidsoppgåver hadde vore tvinga til før.

Alt tydde dermed på at det nye albumet skulle verte ganske nedstrippa, slik som førre utgiving, The Gospel According to Water (2019), men slik vart det ikkje. All the Eye Can See rommar fleire musikarar enn noko tidlegare Henry-album og er utstyrt med eit utsøkt, rikt lydbilete.

Her er dei framifrå musikarane han har hatt med seg mange gonger før: Jay Bellerose på trommer, David Piltch på bass, Patrick Warren og Keefus Ciancia på tangentar, både Marc Ribot, John Smith og Bill Frisell på gitarar, og ikkje minst sonen Levon Henry på klarinettar og saksfonar. Men ei heil rekkje andre er også med denne gongen, mellom dei folk som Daniel Lanois, Allison Russel og JT Nero, Madison Cunningham og The Milk Carton Kids, for å nemne nokre.

Eg er glad for akkurat det, for sjølv om komposisjonane på 2019-utgivinga heldt sedvanleg høgt nivå, vart produksjonen i overkant asketisk samanlikna med vellydande plater som Civilians (2007), eller mitt favorittalbum frå den kanten, Scar (2001), der Brad Mehldau var med på piano.

Som Lanois er også Henry ein artist mange vil kjenne som ein ettertrakta produsent, på plater frå Solomon Burke, Aimee Mann, Rodney Crowell og Elvis Costello – han kan å hente ut det som bur i ein song.

Fine detaljar

Sjølv om eg har levt med dette nye albumet berre i nokre veker, gler eg meg allereie til dei mange fine detaljane på All the Eye Can See når eg set meg ned for å lytte, anten det dreier seg om neste generasjon Henry med saksen på «O Beloved» eller dei to instrumentalsnuttane der Lanois tydelegvis har fått spele ei sentral rolle, inkludert opningssporet, eit småskeivt, nydeleg lite preludium som har noko undersjøisk over seg (eg høyrer vibbar frå Tom Waits på åttitalet).

Kvar ny lytting avdekkjer noko nytt, slik vi har fått for vane å forvente av Henrys musikk. Det gjeld også tekstane, som denne gongen er meir personlege enn dei har vore nokon gong før. Det er som om livserfaringane til Henry, som altså har hatt sitt å stri med dei siste åra, siv inn i det han lagar, inn i ein songpoesi som er direkte, men likevel har mange klangbotnar – og er full av von.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis