JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Å leva sitt liv

Ein konvensjonell dokumentarfilm tek eit fint avskil med Petter Vennerød.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Petter Vennerød og Svend Wam på ei filminnspeling, der Wenche Foss var blant skode­spelarane.

Foto: Mefistofilm / Nasjonalbiblioteket

2661
20230224
2661
20230224

Dokumentarfilm

Regi: Karianne Førland Vennerød og Olaug Spissøy Kyvik

Den siste filmen

Med: Petter Vennerød, Svend Wam, Karianne Førland Vennerød.
Kinofilm

Då Svend Wam døydde, og Petter Vennerød fekk diagnosen atypisk Parkinsons sjukdom, ville Vennerød lage ein siste film saman med kona. Enka Karianne Førland Vennerød og medregissør Olaug Spissøy Kyvik har no gjort ferdig dokumentarfilmen som skildrar karrieren og sjukdomen til den kjende, kjære og utskjelte filmskaparen som i ei rekkje tiår prega norsk film.

Pop polarisering

Filmskaparduoen Wam og Vennerød var vilt produktive frå 1976 til 1995, med 14 spelefilmar. Dei stod for sosialrealisme med politisk brodd og var populære hjå publikum. Den siste filmen går inn på det motstridande forholdet til media og kritikarstanden. Som avisklippa i filmen tydeleg viser, var dommen tidvis brutal. Dei splitta folk.

Vennerød poengterer at dei stod eit stykke frå norsk tradisjon og hausta inspirasjon frå italiensk film. På sine eldre dagar såg han ingen stilistiske norske arvingar, men intervjua speglar ein glad kar. Å lage film er det kjekkaste som finst, seier han. Han fekk leve det gode livet. Sjølv om han òg slår fast at film er best på kino, er ikkje denne dokumentaren av typen som gjer mest ut av det estetiske potensialet i kinofilm.

Vi får mange artige klipp frå filmar med folk som Wenche Foss, og fjernsynsinnslag med Pål Bang-Hansen. Frå Lasse og Geir i 1976 til Sebastian i 1995 var Wam og Vennerød i rampeljoset. Sitat som «snurp igjen smella di, du maser som et lokomotiv» er kjende for dei fleste nordmenn. Folk har sett så mange klipp frå filmane deira at ein kan slite med å skilje kva filmar ein faktisk har sett og ikkje.

Sår ære

Petter Vennerød står fram som ein artig og grei kar. Sjukdomen blei raskt verre. Han mistar kontrollen meir og meir etter kvart i filmen. Det er rørande å høyre Vennerød snakke om skamma over ikkje å kunne ta vare på seg sjølv. Humøret går opp og ned. Innstillinga er imponerande. Vemodet er medrivande.

Filmen brukar mykje vel forklarande tekst, og no og då insisterer musikken meir enn naudsynt. Den siste filmen er ikkje ein eineståande original film med framifrå handverk. Han er likevel eit vent farvel med ein figur med kjærleik til film og ein viktig plass i norsk kulturhistorie.

Vi får òg eit godt innblikk i ein sjukdom mange veit lite om. Dokumentarfilmen har livets rett, i likskap med filmarven etter Petter Vennerød.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latin­amerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis