Litteratur
Å oppdage det gode i seg
Hanne Ørstavik vedgår at ho plukkar på sårskorpa i sitt eige liv når ho i romanen Barnet mitt nok ein gong tek for seg tematikken mor–barn og svik.
Hanne Ørstavik (f. 1969) debuterte som forfattar i 1994. Romanane hennar er prislønte og omsette til over 30 språk.
Foto: Linda Bournane Engelberth / Oktober
Forfattaren frå Tana har langt på veg gjort italienar av seg. Ni år har gått sidan kjærleiken til ein italiensk forleggjar bringa henne til Milano. Men sjølv om han blei alvorleg sjuk og døydde, noko ho har gitt ei sterk skildring av i romanen Ti amo (2020), er sentrum av Milano framleis bustaden hennar. Og slik trur ho det vil bli lenge.
– Eg har det veldig bra her. Framleis har eg leilegheita mi i Oslo, og eg er glad for å kunne bu båe stader, men eg set slik pris på kvardagen min i Milano. Venleiken og varmen. Her kan eg ta med meg ei bok og sitje på ein benk og lese heile året. Kjensla av fridom er blitt viktigare for meg, og i denne byen kan eg gå ut og ikkje kjenne meg innestengd av kulde og snø.
Handlinga i årets roman vekslar mellom Italia og Noreg. Hovudpersonen, ein namnlaus forfattar, erkjenner at ho har svikta barnet sitt, ei dotter som no er vaksen. Då kjem tanken: «Hvem var jeg til å leve, når jeg hadde gjort barnet mitt så vondt.» Ørstavik fortel at boka byrja med eit bilete i hovudet hennar av ein sirkel i sanden på ei strand.
– Romanen og eg byrjar på same staden. Eg kom heim frå havet og skjøna at eg måtte ta stilling til fråværet til mi eiga dotter. Så såg eg denne sirkelen, og der skilde romanen seg frå meg. Boka er ingen sjølvbiografi. Romanen er ein roman, livet mitt er livet mitt.
– Likevel: Har du nokosinne skrive meir sjølvbiografisk enn du gjer i denne boka?
– Eg opplever ikkje denne som meir sjølvbiografisk enn dei andre romanane mine. Eg ser på romanen litt som eit bakverk. Du tek mange ingrediensar, blandar dei saman, og så steikjer du det. I den prosessen skjer ein transformasjon, slik at ingrediensane ikkje lenger lèt seg skilje ut, for dei har gått inn i ein større heilskap, blitt noko anna. Slik er den kunstnarlege prosessen òg. Det mest verdifulle i dette er at det har skapt ein stad der noko skjer, noko som kan delast av fleire. I Kunstverkets opprinnelse seier Martin Heidegger at sanninga er ei hending som skjer i kunstverket. Romanen skjer i meg medan eg skriv han, og i deg når du les han. Det er der romanen er verkeleg, ikkje gjennom tilbakeføring til dei ulike elementa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.