JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Ut med mobilen i skulen

Endeleg er det von om at mobilbruk vert forbode i skulen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Lise Åserud / NTB

Foto: Lise Åserud / NTB

1814
20231110
1814
20231110

«Eg klarer ikkje å finna gode argument for kvifor mobiltelefonane skal ha ein naturleg plass i skulen», kom det brått frå regjeringshald på NRK sist veke. Endeleg er det von om at mobilbruk vert forbode i skulen.

Den nye kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun har skjøna det, sjølv om ho ikkje har sagt eit klart ja til forbod enno. Høgres landmøte har derimot ikkje skjøna det. Tidlegare i år røysta fleirtalet ned fleire gode framlegg om tydelege reglar. Men motstanden går på tvers av partigrensene. Tidlegare skulebyråd i Bergen, Linn Katrin Pilskog (Ap), var òg mot eit forbod i vinter. Ho oppmoda i staden skulane til å læra elevane digital danning. Lukke til!

Som Nordtun så korrekt sa, veit vi nok om at mobilbruk fører til mindre læring og dårlegare sosiale relasjonar. Og det er ingen fare for at elevane skal mista digital kunnskap sjølv om mobilen forsvinn frå skulen. Borna er meir enn nok aktive på fritida til å læra seg det som trengst.

Ein god del lærarar og rektorar har gått inn for forbod eller strenge reglar, men langt frå alle. Enno er det mange skular som har altfor liberale reglar for mobilbruken. Mange skular har rett og slett svikta elevane sine og gjeve dei dårlegare læringsvilkår enn dei elles kunne ha hatt. Og igjen er det dei svake elevane som vert mest råka av eit manglande forbod. Det er dei som lettast lèt seg distrahera.

I det heile må ein gjera det som gjerast kan for å få ned skjermbruken blant born og unge. No har Nordtun byrja med mobilen, det neste må vera å få drastisk ned bruken av digitale læremiddel i skulen.

Norske born les mindre og dårlegare enn før. Skulen må ta det meir på alvor og medverka til å snu trenden. Ein mobilfri skulekvardag er ein god start.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis