JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Det handlar
om folkestyre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20170310
2360
20170310

Kommunereforma har vore undervegs så lenge at prosessen kan minne om eit brettspel på noregskartet. Tysdag vart det alvor. Da fekk vi vite at regjeringa vil redusere talet på norske kommunar frå 428 til 358, og at ho vil tvinge 13 kommunar til å slå seg saman. I mange av kommunane er motstanden mot samanslåing sterk.

Det er ikkje berre endringsvegring som gjer mange skeptiske til samanslåing. Ei rekkje undersøkingar viser at folk er meir nøgde med dei offentlege tenestene i små kommunar enn i store. Og i små kommunar er engasjementet i lokalpolitikken større og kontakten med politikarane og administrasjonen tettare. Folk veit at større einingar tyder lengre veg til makta for dei fleste. Kjensla av avmakt aukar med avstanden.

Kommunestrukturen i Noreg er ikkje naturgjeven. Om folkefleirtalet seier ja til kommunesamanslåing etter ein open, fri debatt som får fram fordelar og ulemper, er det heilt fint. Men med det økonomiske presset for samanslåing som regjeringa la inn i inntektssystemet for kommunane i fjor, stod ikkje folk lenger like fritt til å velje. Det var utpressing. Og når kommunar no blir slegne saman med tvang, er det òg grunn til å tru at motivasjonen for omstillinga blir veikare og resultatet dårlegare.

Høgre og Frp har lenge vore innstilte på å tvinge gjennom samanslåingar. Men tvangen blir berre mogleg ved hjelp av Venstres røyster i Stortinget. Og det er trist at eit parti med slike liberale og demokratiske tradisjonar har gått med på dette. I partiprogrammet heiter det mellom anna: «Venstre vil styrke det lokale selvstyret og gi folk økt innflytelse over egen hverdag».

Rett skal vere rett: Venstre vil ikkje berre ha større kommunar, men òg flytte meir makt og ansvar frå staten til kommunenivået. Men like fullt vil reforma truleg svekkje engasjementet i lokaldemokratiet. Og metoden i ei reform er ikkje likegyldig. Du styrkjer ikkje demokratiet gjennom utpressing, diktat og tvang.

«Troen på maktspredning er en del av Venstres sjel, og vi kommer til å jobbe videre for at beslutninger treffes nærmest de de berører», heitte det i ei pressemelding som André N. Skjelstad, kommunalpolitisk talsmann i Venstre, sende ut onsdag. Det er eit godt døme på det forfattaren George Orwell kalla nytale: Avstand er nærleik. Sentralisering er maktspreiing. Tvang er demokrati.

Per Anders Todal

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis