Frå matfatet

Tytebærsyltetøy

Det er framleis von i eit lite bær.

På veg heim: Det er von om fangst i tytebærtua.
Publisert Sist oppdatert

Tytebær – eller tyttebær? Begge deler er lov på nynorsk, medan bokmålsfolk lyt halde seg til dobbel t. Tyttebær finst over heile Noreg, alle stader det er skrinn, sur jord likar den vesle dvergbuska med dei irrgrøne, harde blada seg, og om overflata er opa slik at nok lys kjem ned lagar ho også små, runde og raude bær – og sidan denne landskapsomtalen kan høve heilt frå Finnmarksvidda til Sirdalsheiane, frå Stadtplatået til Finnskogane, hadde det ikkje vore rart om planta og bæra hadde fått rekker av ulike namn. Likevel har vi stort sett halde oss til ulike variantar av tyte og tytte. Blaute konsonantar gav tyde og tyddebær og vi har dratt oss så langt som tutling, tysling og kanskje tippbær, men stort sett har vi halde oss til namnet som kanskje kjem av at tyte har vore eit ord for ein lite knute eller knart. Kanskje har det og vore eit gamalt ord for brystvorte. Det danske ordet tytte tyder dynge, som kan syne til at bæra sit saman i ei klynge.

Vel. Nok om namnet. Tytebær treng altså ikkje særleg mykje for å vekse, noko Aasmund O. Vinje fanga på vakraste vis: «Tytebæret uppaa tuva / voks utav ei liti von», skreiv han, og hadde trua på tytebæret – meir tru enn faginstansen Opplysningskontoret for Frukt og Grønt, som på nettstaden frukt.no skriv at «Tyttebæret har en relativt besk smak og spises ikkje naturell».

Gratismat

Eg trur mang ein svolten, tyst eller berre lukkeleg fjellvandrar vil seie seg usamd i det sistskrivne. Kanskje er det ikkje så ofte vi set oss ned med ei skål tyttebær med sukker og fløyte – men å mumse i seg ein munnfull i det rette elementet til bæret, trur eg mange av oss set pris på.

Kanskje burde vi rett og slett verte flinkare å bruke tytebær i mange samanhengar? Ikkje berre er bæret blant vekstane som trivst betre med å vere ville enn tame, og difor ikkje kostar ei einaste ressurs å dyrke – tytebæret inneheld og såpass mykje benzosyre at det er nokså nære sjølvkonserverande. Tytebær bær på C-vitamin og fiber og treng berre litt sukker for å verte velsmakande, sunt syltetøy som held seg lenge.

Til høg pris

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement