Frå matfatet
Tubeost til verda
Olav frå Molde sette Noreg på ostekartet for 100 år sidan.
Ost frå tube kan også brukast på saltstenger, ser det ut til.
Foto: Steven Depolo / Wikimedia Commons
I spalta førre veke såg vi korleis samvirkemeieriet Tine har spreidd verksemda si ut i verda – langt forbi dei norske ressursane dei har teke på seg ansvaret for å forvalte. Men Tine er langt frå aleine om å produsere norske merkevarer i andre land. Nei, kanskje er dei heller seint ute. Kavli har iallfall gjort det same i kring hundre år.
Lat oss byrje med starten. Han tek oss om lag eit sekel attende i tid – altså rett til dei glade tjueåra. Fest, film og framskritt prega verda, ser eg det vert hevda, og det kan passe godt på det Olav Kavli dreiv med på den tida. Han vann nemleg kappløpet om å lage ein smørbar og haldbar ost.
Smørbar ost er jo lett å lage: Det er berre å piske fersk ostemasse glatt. Men slik ferskost held seg ikkje meir enn nokre dagar. Olav Kavli oppdaga at ved å sette til smeltesalt – natriumsitrat, E331 – kunne ein smelte ost òg. Når han spedde ut ostemassen med vatn og konserveringsmiddel, heldt den mjuke konsistensen seg og gjorde produktet haldbart over lengre tid.
Sennep og postei
Smørjeosten Primula var skapt og skulle seljast ikkje berre i Noreg, men verda over, meinte den amibisiøse ostegründeren frå Molde, som mellom anna laga påkosta reklamefilmar om korleis Primula-osten reiste mot Nordpolen i luftskip. I 1929 vart han fyrst i verda med å selje ost på tube.
I byrjinga var all produksjon i Noreg, men denne historia syner at uflagging ikkje er noko moderne fenomen. Ganske snart oppdaga Kavli at det gav betre lønsemd å produsere Primula utanfor Noreg. Han etablerte fabrikkar i Sverige, Danmark, Austerrike og Storbritannia, og fleire av dei eksisterer framleis. Kavli produserer matvarer i Sverige, Finland og Storbritannia til ein samla salsverdi på over 400 millionar euro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.