Frå matfatet

Thaimat

Om vi lèt råvara vere der ho er, er det større sjanse for problemlaus tradisjonsimport.

Pad thai kan godt kome til Noreg, men sjølve kyllingen treng ikkje vere med på reisa.
Pad thai kan godt kome til Noreg, men sjølve kyllingen treng ikkje vere med på reisa.
Publisert

Det er noko eige med å kjøpe mat på gata, synest eg. Noko bitte litt forbode og farleg. I det minste er ein så vidt på sida av systemet, når ein ikkje kjøper mat på verken ein butikk eller ein kafé eller restaurant. Di enklare utsalet er, di sterkare vert denne kjensla.

Difor er eg i utgangspunktet skeptisk når eg finn ein produktserie som heiter nettopp Street Food i ei hylle på ein supermarknad. Men eg vert jo nøydd til å gje dei ein sjanse.

Produkta det dreier seg om, høyrer heime i det thailandske kjøkkenet og kjem i tre variantar: Korma Chicken Noodles, Satay Kylling med nudler og Pad Thai Kylling med nudler. Kjende rettar, dette, på god veg til å verte ein del av standardrepertoaret i norske hushald og sikkert å finne i fleire hyllevariantar.

Street Food skil seg likevel frå mange andre produkt: Dei er ikkje berre thailandske, dei er i sin heilskap produserte i Thailand. Unntaket er kveitemjølet til nudlane – ifylgje innpakninga kjem det frå Australia. Alt det andre, må vi gå ut frå, er thailandsk.

Dette inkluderer altså kyllingen. Vi importerer kylling frå Thailand, oppdagar eg, og kjenner umiddelbart ein sterk trong for å finne ut korleis denne næringa artar seg.

Vertikal integrering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement