Frå matfatet

Soyabønner

Vi har hatt avskogingsfri soya i årevis, men avskogingseffekten lèt vente på seg.

Somme tider er skogen grønare på andre sida, som her, i Para i Brasil, med ein soyaåker på høgre sida av riksveg 163.
Somme tider er skogen grønare på andre sida, som her, i Para i Brasil, med ein soyaåker på høgre sida av riksveg 163.
Publisert

Du veit kva Amazonas er for noko. Du veit at å ta vare på restane av den største regnskogen i verda er kritisk for klima og naturmangfald. Og du veit at industrielt jordbruk er den farlegaste fienden Amazonas har. Likevel fortel eg deg det ein gong til. For visste du at Noreg dei siste førti åra har forsvunne to gonger, berre i Amazonas? Eller at eit område tre gonger større enn Noreg i tillegg har vorte skada?

Kanskje visste du det. For det er mykje snakk om Amazonas for tida, litt fordi det har vore klimaforhandlingar, og mykje fordi Lula da Silva nyleg vann presidentvalet i Brasil. Førre gongen han var president, vart avskoginga i Amazonas redusert med opp mot 75 prosent. Kan han gjere det igjen? Kan han gjere det betre? Den norske miljøvernministeren er positiv og vil opne opp att det norske regnskogfondet. Sjølv Regnskogfondet er positivt. Men kva skal eigentleg til for å stoppe hogsten?

Soyasyndaren

Ein av hogstsyndarane er ei bitte lita, rund og proteinrik bønne. Soyabønna har vi høyrt om, soya frå Brasil har vorte eit mykje brukt skjellsord i norsk landbruks- og oppdrettsdebatt – oppdrettsnæringa brukar etter kvart meir soya i fôret enn jordbruksnæringa. Så har vi òg høyrt næringane forklare seg med at dei berre kjøper sertifisert avskogingsfri soya – soyabønner som er dyrka på land som ikkje har vore avskoga sidan det såkalla soyamoratoriet i 2006 – og difor ikkje kan lastast like mykje som andre soyakjøparar kan.

Men kva bidreg eit slik moratorium eigentleg med? Det har vore mykje diskutert, og for ein månad sidan fekk vi endeleg tal på bordet: Forskarar frå University of Cambridge har følgt forsyningslinjer attende til produsentar og kome til at sertifiseringsordningar i perioden mellom 2006 og 2015 reduserte avskoginga i Amazonas med berre 1,6 prosent. Det svarar til eit område på storleik med Hinnøya, som rett nok er den største øya i Noreg, men i dette biletet vert ho lita. Flautt lita.

Endå verre står det til med soya frå det nærliggande savanneområdet Cerrado. Cerrado er ikkje ein del av soyamoratoriet frå 2006, men dei siste åra har stadig fleire innsett at savannen er minst like viktig for både klimaet og naturmangfaldet som regnskogen – og difor, hevdar dei, har dei inngått soyakjøpsavtalar der ein unngår nydyrking i området.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement