Frå matfatet
Soya
Norsk mjølk og laks vil slite utan russisk gjødsel.
Brasils president Jair Bolsonaro og Russlands Vladimir Putin var særs gode vener 16. februar og er det truleg framleis.
Foto: Vyacheslav Prokofyev / Sputnik / Reuters / NTB
Den 4. februar gjekk det eit lasteskip frå kai i Russland. Skipet var lasta med kunstgjødsel produsert av russiske Acron. Det hadde ei temmeleg lang reise framfor seg: Gjødsla skal leverast til landbruksstormakta Brasil.
Brasil er etter kvart mest berykta her heime for å forsyne norsk jordbruk og ikkje minst havbruk med proteinrike soyabønner. Brasil står for om lag ein tredjepart av verdsproduksjonen av soyabønner, og Noreg handlar om lag ein halv milliard tonn i året.
Denne handelslinja har lenge vore kritisert av miljørørsler så vel som urfolkrørsler, sidan soyaproduksjonen grev seg inn i verdifulle biotopar som regnskog og savanne. Er det no tid for den store fredsrørsla å henge seg på kritikken?
Solidarisk med Putin
Det er i alle høve mykje som tyder på at Brasil, ved president Jair Bolsonaro, gjer det han kan for å halde seg inne med Putin og Russland – mellom anna for å halde sine eigne traktorhjul i gang. Brasils eksportlandbruk er nemleg langt frå sjølvforsynt, snarare tvert om, for dei importerer nærare 85 prosent av gjødsla dei nyttar. Russland står for 20 prosent og er truleg Brasils viktigaste gjødselleverandør.
Dette var nok på dagsorden då Bolsonaro vitja Putin 16. februar – i eit kritisert møte åtte dagar før den opne invasjonen. I møtet sa Bolsonaro at Brasil står «solidarisk med Russland». Den 27. februar erklærte han at Brasil var nøytralt i konflikten. Samstundes tek han gjerne imot gjødsel – og ynskjer eit russisk selskap velkomen til å kjøpe og drive ein ureafabrikk i soyadelstaten Mato Grosso do Sul innan kort tid. Den brasilianske miljøvernministeren Tereza Cristina Dias fremja førre veke eit forslag i FNs matvareorganisasjon FAO om å halde gjødsel utanfor sanksjonane mot Russland. «Global matinflasjon bør uroe alle land», sa ho i eit intervju.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.