Frå matfatet
Smoothie
Framleis litt rusk i fruktdrikkmaskineriet.
Frisk frukt i fine fargar er flott i ferien. Foto: pxhere.com
Foto: pxhere.com
Byrjar ismaset å tære på no etter kvart? Ja, det er jo ferie, og då skal ein ikkje seie nei, nei, då skal ein unne seg alt – uendeleg med vere opp seint om kvelden, sove lenge om morgonen, og is, is, is så lenge frysedisken rekk.
Så kva gjer ein då, om ein eigentleg syns det får halde med tre ispinnar om dagen, men klokka berre er to og mini truleg ikkje kjem til å ete middag i dag heller? Jau, ein kjem sjølvsagt dragande med smoothie-flaskene.
For at fruktmos på flaske, med fine fargar og frisk smak som faktisk kjem frå frukt og bær, er ein liten genistrek, det er det ikkje særleg tvil om. Men er dei alle like geniale – og kor ærlege er smoothieprodusentane eigentleg om kva som er på flaskene deira?
Dominerande bananer
Det er nokre år sidan spørsmålet vart stilt fyrste gong: Om ein smoothie inneheld førti prosent eplejuice, tolv prosent banan og seks prosent mango, kan han då kalle seg ein mangosmoothie? Åra går fort – det var i 2013, altså for ni år sidan, at Mattilsynet i rapporten «Villedende merking – kampanje 2013» gav ni av ni testa smoothiar raude strekar i boka.
For sjølv om regelverket er basert på ei lov og femten ulike forskrifter, er det temmeleg enkelt og klart: Presentasjon og framstilling på etikett og i namneval skal spegle innhaldslista. Verre er det ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.