Dyrisk
Skygard
Dag og Tid-bukken Indrebø på veg til hytta i sipregnet, med Nofence.
Foto: Dag og Tid
Ordet gard betyr både gard og gjerde, og gjerda skulle frå gamalt av både halde husdyra på plass og definere garden for omverda. Skigardar og mosegrodde steingardar kan vere vakre innslag i kulturlandskapet, men er ikkje gode alternativ for moderne gardsdrift.
Piggtråd, nettinggjerde og straumgjerde har teke over og vore med på å forme det moderne gardslandskapet. Merkeleg nok har det aldri vore nokon krav om registrering av oppsett og vedlikehald av gjerde, og når gjerda ikkje lenger er i bruk, blir dei ofte ståande som dødsfeller i utmarka.
Akkurat det opplevde vi her heime i fjor sommar då kyrne på nabogarden kom springande inn i hamnehagen til hestane. Mange av hestane vart skremde og sprang ut av beitet i panikk. At straumgjerdet vart trampa ned og ein av ponniane hamna på vidvanke i mange timar før han vart funnen att, var ikkje så ille. Verre var det at to av hestane sprang seg rett inn i eit gamalt, rusta piggtrådgjerde som stod att inne i krattskogen. Den eine reiv opp hud og muskulatur djupt inn i bringa og måtte gjennom ein omfattande operasjon og mange vekers smertefull restitusjon.
Gamle problem
Etter at piggtråden vart funnen opp i USA i 1874, vart beitemarkene privat eigedom, noko som førte til dauden for dei store kvegflyttingane. Piggtråd vart fort populært også her i landet, lett som han er å trille ut og spikre på pålar eller rett på trestammane i utmarksbeitet, eller som avskrekkande topping på nettinggjerda. Med stadig betre straumgjerde og flyttbare plastpålar vart det heldigvis lettare å gjerde i utmarka, og forbodet mot bruk av piggtråd til inngjerding av husdyr kom i 2010.
Fleire stader har kommunar, gardbrukarar og anna næringsliv samarbeidd om å rydde opp i gamle gjerdesynder. Eitt døme er prosjektet «Piggfrie gardsbruk 2021» i Rogaland, der dei rydda opp 230 km med ståande piggtrådgjerde. Gardbrukarar som leverte gamal piggtråd til attvinning, fekk også rabatt ved kjøp av piggfrie alternativ.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.